Tek sikte på tilsetjing av rådmann i desember

SNART: Ordførar Kåre Helland har snart ein ny rådmann klar.

SNART: Ordførar Kåre Helland har snart ein ny rådmann klar.

Artikkelen er over 2 år gammel

Siste kommunestyremøte før jul blir eit viktig møte for Sør-Aurdal.

DEL

Neppe på plass før påske:

Sør-Aurdal: Då skal ikkje berre budsjettet for 2018 vedtakast, men då blir det også tilsetjing av ny rådmann.

Vi tek sikte på å tilsetja ny rådmann på kommunestyremøtet 19. desember, opplyser ordførar Kåre Helland.

Han skal ha ei samtale med rekrutteringsfirmaet Headvisor på fredag. Det skal så lagast ei innstilling til kommunestyret.

Helland opplyser at formannskapet fekk presentert alle søkarane på eit møte sist torsdag.

– Vi hadde då ein dialog med alle dei fire kandidatane, seier Helland. Han karakteriserer alle dei fire kandidatane som interessante til rådmannsjobben. Søkjarane er, som tidlegare omtala, Jo Audun Øverby, Anne Kari Ranheim, Rune Antonsen og Haakon Boie Ludvigsen.

Når kan Sør-Aurdal kommune rekne med å få ein ny rådmann på plass?

– Eg reknar med at dei fleste kandidatane har tre månaders oppseiing i sin noverande jobb. Den nye rådmannen kjem neppe på plass før påske, seier Helland, som ser fram til å få ein ny rådmann i sin stab. Han legg ikkje skjul på at kommunen siste tida har hatt mannskapsmangel og at presset på administrasjonen har vore stort.

– Vi har derfor vore nøydd til å utsetja ein del tunge saker, seier Helland.


Artikkeltags