Boie Ludvigsen blir ny rådmann i Sør-Aurdal

Har fått tilbod: Haakon Boie Ludvigsen har fått tilbod om å ta på seg rådmannsjobben i Sør-Aurdal kommune

Har fått tilbod: Haakon Boie Ludvigsen har fått tilbod om å ta på seg rådmannsjobben i Sør-Aurdal kommune Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Kommunestyret i Sør-Aurdal har i dag vedteke å tilsetja Haakon Boie Ludvigsen (50) som ny rådmann i Sør-Aurdal.

DEL

Boie Ludvigsen er i dag tenesteleiar i Lillehammer kommune. Han har tidlegare jobba som IT-konsulent, han har vore prosjektleiar for bruk av velferdsteknologi, og dei siste 20 månadene har han vore konstituert kommunalsjef og deretter tenesteleiar i Lillehammer kommune. Han er 50 år gammal og busett på Hov i Land. Ludvigsen var ein av fire søkarar som vart vurdert til stillinga.

Dei andre søkarane var Anne Kari Ranheim, Fagernes, Jo Audun Øverby, Leira, og Rune Antonsen, Fredrikstad.

Øverby, som no er assisterande rådmann i Nord-Aurdal og tidlegare rådmann i Øystre Slidre, trekte søknaden sin sist søndag etter at han dagen før hadde sagt ja til eit jobbtilbud frå firmaet Framsikt som tilbyr norske kommunar og fylkeskommunar verktøy for analyse, budsjettering, økonomiplanlegging og virksomhetsstyring.

Artikkeltags