Sør-Aurdal: Utra­di­sjo­nell 17. mai-feiring med bil- og trak­tor­tog

Alternativ feiring: Det blir alternativ feiring av 17. mai i Sør-Aurdal. Alle grender skal markere 17. mai, men det blir utradisjonelle markeringar.

Alternativ feiring: Det blir alternativ feiring av 17. mai i Sør-Aurdal. Alle grender skal markere 17. mai, men det blir utradisjonelle markeringar. Foto:

Det blir 17. mai-feiring i Sør-Aurdal i år også.

DEL

Sør-Aurdal: – Men det blir ei utra­di­sjo­nell, al­ter­na­tiv fei­ring. Vi må ret­te oss et­ter dei na­sjo­na­le smit­te­vern­til­ta­ka, sei­er råd­gje­var for opp­vekst og kul­tur i Sør-Aurdal, Gun­vor Ele­ne Thors­rud.

Tale og korps­mu­sikk

Thors­rud for­tel at det i Bagn blir tale utan­for Sør-Aur­dals­hei­men ved ord­fø­rar Ma­rit Hougs­rud. Det vil også Bagn og Beg­na­da­len Mu­sik­korps spe­le. Det blir vi­da­re flaggheising og kran­se­ned­leg­ging på Bagnsmoen.

Også rundt i gren­de­ne blir det 17. mai-arrangement. I Rein­li blir det kran­se­ned­leg­ging, det same gjeld i He­da­len der det blir krans­ned­leg­ging ved bau­t­aen. Både i Beg­na­da­len og He­da­len blir det bil­kor­te­sje.

– Her får alle lov til å vera med ei­gen bi­lar, sei­er Thors­rud, som for­tel at Leir­sko­gen trår til med ein ei­gen vri. Her blir det ein kor­te­sje med trak­to­rar.

Møt opp langs ve­gen

– Kor­leis skal de hind­re at folk mø­ter fram i ho­pe­tal ved Sør-Aur­dals­hei­men?

– Nei folk må vera heime og fei­re, men dei er vel­kom­ne med å står langs vegen med flagg når kortesjane dreg for­bi, sei­er Thors­rud.

Klok­ka 13 blir det el­les fel­les av­syn­ging av na­sjo­nal­son­gen.

17. mai-feiringa i Sør-Aurdal blir el­les lagt ut på nett­si­da til Sør-Aurdal kom­mu­ne og på nett­si­de­ne til gren­de­ne. Då blir det med andre ord også muleg for alle å få med seg tala til ord­fø­rar Ma­rit Hougs­rud.

Avisa Vald­res vil også i år koma til­ba­ke med ei de­tal­jert over­sikt over 17. mai-programmet i Vald­res.

Artikkeltags