Hedalsmålet i fare

Inn i varmen: Pensjonert professor og tidlegare hedøl Svein Lie kom til sine eigne da han heldt føredrag om hedalsmålet på Bautahaugen i helga.

Inn i varmen: Pensjonert professor og tidlegare hedøl Svein Lie kom til sine eigne da han heldt føredrag om hedalsmålet på Bautahaugen i helga. Foto:

Hedalsmålet er på tur ut, skal ein tru undersøkingar gjort blant skuleungdom i dalen.

DEL

– Grovt sett er det ei dreiing vekk frå dialekta, fortel Svein Lie, tidlegare professor i nordisk språk ved Universitetet i Oslo.

Laurdag heldt han føredrag for femti frammøtte på Bautahaugen i Hedalen. Tittelen på føredraget var "Hedalsdialekta før og nå".

Spørjeundersøking

Lie meiner det gode oppmøtet vitnar om ei stor interesse for hedalsdialekta. Likevel fryktar han altså at ho er på tur ut. Spådommane er basert på ei spørjeundersøking Lie sjølv gjennomførte ved Hedalen barne- og ungdomsskole i 2016. Der kom det mellom anna fram at dei fleste av ungdommane sa "ikke" i staden for det tradisjonelle "itte" og at dei føretrekte "jeg" i staden for "je".

Andre ord og bøyingar

Den tidlegare professoren voks sjølv opp i Hedalen på førti- og femtitalet. Han registrerer store endringar i talemålet han sjølv nytta, samanlikna med det ungdommane i dag brukar, jamfør undersøkinga.

-Heilt sentrale delar av ordforrådet blir bytt ut og det blir brukt heilt andre bøyingar, seier han og nemner døme som "uke" og "stue" i staden for dei gamle formene "viku" og "stuggu".

Uformelt bymål

Påverknaden frå sentrale strok er tydeleg. Men Lie minner om at det ikkje treng vera berre reint bokmål som blir brukt.

– Det som er litt interessant, er at påverknaden også kjem frå meir uformelt bymål. Når ungdommane byrjar å seia "finni" og "hue", er ikkje det normert bokmål, påpeikar han.

Sentralisering

Kvifor hedalsungdommen søker mot eit talemål som likar meir på oslomål, er ikkje enkelt å forklare, synest Lie. Han understrekar at tendensene er den same fleire stadar på Austlandet.

– Oslo er ein stor by og har påverka dialektane i områda rundt i ganske lang tid. I seinare tid har vi sett at det også spreier seg til Gudbrandsdalen og Valdres, så det er nok vanskeleg å stå imot, konstaterer han, men viser samstundes til at tendensen ikkje er eintydig.

Gamle gardsnamn

Lie viser elles til at Hedalen er ei bygd som har eksistert i svært lang tid og dermed har lange språklege tradisjonar. Stadnamna kan fortelja mykje om gammal busetnad.

– Berg, Li og Grøv er typisk veldig gamle namn. I Begnadalen har dei eldste gardane namn som endar på - rud, fordi den bygda vart folkesett mykje seinare, forklarar han og slår dermed fast at det har vore busetnad i Hedalen sidan før vikingtida.

Deler analysen

Eldor Bråten har undervist på skulen i Hedalen i 35 år, og pensjonerte seg i 2004. Han var til stades på føredraget til Lie, og fortel at han deler analysen til professoren.

- Det gjer eg absolutt. Vi merka allereie den gongen at det var skilnad på måten barna og foreldra prata, seier han, men fortel likevel at han hadde god nytte av dialekta til ungdommane når han skulle undervise i nynorsk.

- Eg kunne eg vise til "søv", "høgg" og "kjem", og at talemålet dermed var i samsvar med nynorsken. Eg trur ikkje dei kan vise til det på same måten no, konstaterer han.

- Naturleg utvikling

Bråten meiner forklaringane er fleire. Han nemner både internett, innflytting og sentralisering. Sjølv ønskjer han ikkje å slå alarm.

- Eg trur det er ei naturleg utvikling at dialekta endrar seg, så får no folk diskutere om det sørgeleg eller ikkje, seier han, og meiner at den som skulle ønskje å endre på dette ikkje har nokon enkel jobb framfor seg.

- Da må trur eg ein må endre heile samfunnsstrukturen med sentraliseringstendensane, konstaterer Eldor Bråten.





Artikkeltags