Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Senterpartiet i Vestre Slidre er prinsipielt i mot sentralisering av offentlege arbeidsplassar og meiner det er rett å kjempe i mot ei utvikling som samlar fleire og fleire kompetansearbeidsplassar i byane.
Ap/Sp-regjeringa skriv i høyringsbrevet at dei vil styrke dei mindre domstolane og sørge for fleire embetsdommarar der. Valdres får altså eit tilbod om ein styrka domstol kontra situasjonen før domstolreforma til regjeringa Solberg og altså ein ekstra dommarressurs – viss vi vil.
«Det må vera eit lokalt ynske å gjenopprette tingrettar»
Ap/Sp-regjeringa vil vidare legge til rette for at domstolane kan samarbeide betre. Departementet vil difor mellom anna vurdere korleis ein kan utnytte eksisterande reglar i domstolsloven for å fremme fleksibilitet, skriv dei.
Alt i alt er dette ei gåvepakke frå Ap/Sp-regjeringa som seier at dei vil «styrke dei lokale domstolane og gjera dei mindre sårbare».
"Ikke grunnlag for å legge til grunn at det vil bli færre tilsette ved de minste rettsstedene"
Vestre Slidre Sp stiller vidare spørsmål ved om meininga blant dei tilsette er så unison som saksframstillinga hevdar og peikar vidare på at dei tilsette etter domstolreforma til regjeringa Solberg har blitt meir pressa på tid.
Dette går utover publikum som ikkje kan få så god hjelp som tidlegare. Vi meiner difor det er rett å gå tilbake til den strukturen vi hadde tidlegare, med sorenskrivar og dermed lokal leiing på Fagernes.
Kommunestyregruppa har følgjande framlegg til høyringssvar: Kommunestyret i Vestre Slidre er nøgde med at omorganiseringa av domstolane har ført til meir samarbeid mellom rettsstadene i Vestre Innlandet.
Samtidig meiner ein at dette samarbeidet bør domstoladministrasjonen kunne vidareføre innanfor ein struktur med eigne sorenskrivarar på kvar av rettsstadene.
«Ingen av tingrettene i tidligere Oppland fylke er blitt lagt ned»
Å ha sorenskrivaren på rettsstaden handlar om langsiktig å ta vare på rettsmiljø i distrikta og er eit signal om at desse stadene har rettsleg tyngd og skal satsast på framover. Vestre Slidre kommune ønskjer difor at sorenskrivarembetet og jordskifteverket skal ha sete og styrast frå Valdres.