Det finst mange gode grunnar til å kjeldesortere søppel og avfall. Gjenbruk og resirkulering, og å sikre at farlege stoff ikkje lekk ut og skadar miljø og natur, er nokre av dei. Ein annan minst like god grunn, er at dei som handterer søpla vår, skal ha trygge og sikre arbeidsvilkår.

Tilsette ved Valdres kommunale renovasjon (VKR) har fleire gongar opplevd å skade seg ved handtering av avfall. Seinast i romjula vart ein operatør stukken av ein sprøytespiss, som gjekk gjennom hansken og inn i fingertuppen. I verste fall kan sprøytespissar føre med seg smitte av sjukdomar. Langvarig oppfylgjing av helsevesenet i etterkant er difor nødvendig for å sikre at den som blir utsett for stikk, ikkje blir sjuk av det.

Oftast går det bra, men det betyr ikkje at bedrifter og hushaldningar kan slumse med sorteringa av søpla si.

I tillegg til sprøytespissar, utgjer også skarpe gjenstandar og brannfarleg avfall ein risiko for operatørane på VKR. Blad frå tapetknivar og akupunkturnåler er små gjenstandar som er vanskelege å sjå når ein handterer avfall, opplyser VKR om. Miljøstasjonen på Rebne har også opplevd to brannar dei siste par åra, som skuldast at brannfarleg avfall ikkje er levert på rett måte. Manglande kjeldesortering fører dermed til store skader på utstyr, og brannar kan potensielt også få dramatiske fylgjer.

Samstundes er det ikkje til å stikke under ein stol at VKR har ein del å gå på når det gjeld å få til ei betre kjeldesortering i Valdres. Fleire hentepunkt for avfall av ulikt slag, og ikkje berre glas og metall, burde vera mogleg å få på plass. Og ikkje minst ein infrastruktur som gjer det enklare for eigarane av dei over 19 000 fritidsbustadane å kunne sortere avfall. Sjølv om mange er flinke til å sortere avfallet, skal ein vera motivert sorterer for å koma heilt i mål med alt.

At folk kastar avfall som batteri og sprøytespissar i restavfallet, handlar ikkje om vond vilje. Ein tenkjer at det går nok bra, at det kjennest tungvint å sortere på rett måte, og reflekterer ikkje over at det står nokon i mottaksapparatet som faktisk skadar seg på grunn av dårleg sortering. Det kan også tenkjast at informasjonen omkring kva ein skal kjeldesortere ikkje alltid når fram. Konsekvensane for miljøstasjonane og dei tilsette kan bli store av at me ikkje sorterer avfallet riktig.