Medlemsmøte og nominasjonsmøte i Øystre Slidre SV

Av

Øystre Slidre SV har medlemsmøte måndag på Tingvang. Nominasjonsmøte vert gjennomført etter medlemsmøtet. Alle interesserte er velkomne.

DEL

Øystre Slidre SV gjenoppstår etter 18 år i dvale. SV ønsker å stille liste ved kommunevalet til hausten i Øystre Slidre. Viktige valsaker vil vere: Få Vinda vernet, styrke helse- og omsorgstjenestene i kommunen (vi trenger fleire tilsatte i denne tjenesten), betre skole- og barnehagetilbodet, arbeide for ein meir ope og tillitsbasert leiarkultur i kommunen, betre dialogen mellom kommunen og innbyggjarane og mellom kommunen og hytteeigarar, gjennomføre tiltak for å styrke utnytting av lokale fórressursar i landbruket, innføre støtteordningar for aktiv stølsdrift, satse meir på eit aktivitetsbasert reiseliv med lite fotavtrykk (miljøvennleg), gi ålmenta, enskildpersonar og miljøomsyn ein sterk stemme mot snevre utbyggingsinteressar, arbeide for å innføre ei fjellgrense for hyttebygging og redusere arealbruken av urørt natur, arbeid for fleire interessante jobbtilbod til ungdom og unge vaksne, sikre og utvikle vidare det gode kultur- og fritidsstilbodet i Øystre Slidre.

Artikkeltags