Gå til sidens hovedinnhold

Spanande bustadprosjekt i Valdres

Etnedal kommune vil undersøkje kva som skal til for at folk skal busetje seg i kommunen. I Vestre Slidre stiller kommunen med tilskot til husbyggjing.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Som mange andre distrikt slit Valdres med dårleg tilgang på bustader, både til eige og leige. Mangelen på eigna bustader er ein propp i systemet for å utvikle Valdres vidare, og kan i verste fall hindre tilflytting og busetjing. Difor er tiltaka det no blir jobba med i Vestre Slidre og Etnedal svært gledelege.

Eigna bustader er særs viktig for busetjinga, både for dei som flytter internt i Valdres og for tilflyttarane. I fleire artiklar i avisa Valdres dei siste månadane har ulike personar fortalt om utfordringar dei har hatt med å skaffe seg bustad. Det er for få bustader tilgjengeleg, ein hamnar i bodrundar med personar som vil bruke bustaden som fritidsbustad, eller ein får ikkje nok lån til å kjøpe eller byggje.

Les også

Etnedølene vil utrede mulighetene for nullkonsesjon og samtidig satse på bolyst

Når problema er så samansette må også løysingane vera samansette. I Etnedal samla kommunestyret og administrativ leiing seg i juni til seminar om «Hvordan oppnå bosetting?». Med 1257 innbyggjarar registrert i 2021 har kommunen mista 10 prosent av innbyggjartalet sidan år 2000, og kommunestyrerepresentant stiller spørsmålet korleis få folk til å bu i Etnedal?

Svaret må vera samansett. Det trengst jobbar, bustader, gode og relevante offentlege tilbod og tenester, men også tilbod om fritidsaktivitetar for store og små. Barnehagar, skular, utvikling av næringar med utgangspunkt i primærnæringane og satsing på den yngre garde er difor noko av det politikarane i Etnedal har teke opp.

I Vestre Slidre har kommunestyret nett vedteke å løyve inntil 100 000 kroner i stønad til bustadbyggjing. Ordførar Haldor Ødegård seier at kommunen i mange år har gått i ring kring temaet, men at dei no har fått på plass ei ordning som skal stimulere til auka bustadbyggjing. Innbyggjarar kan no søkje om inntil 80 000 kroner i stønad til utleige eller sal, og det er også mogleg å få stønad til prosjektering og marknadsføring av bustader.

Les også

Snudde seg kjapt rundt – innfører tilskot til bustadbyggjing: – Ei skikkeleg gladsak for kommunen

Under koronapandemien har fleire fått smaken på livet utanfor dei store byane. I dei tre fyrste månadane av 2021 såg til dømes Oslo den lågaste folkeveksten sidan 1992, og fleire enn før har valt å flytte ut av hovudstaden. For ein region som Valdres er det godt nytt om trendane snur.

Folketalsutviklinga har i mange år vore negativ, slik den har vore i mange andre distrikt og utkantar i Noreg. Når det no kan sjå ut til at mange kan tenkje seg å bu på bygda, må me snu alle steinar for å få til vekst og optimisme i Valdres.

Kommentarer til denne saken