Erlend (25) flytta heim og fekk jobb i Valdres - Vi treng fleir unge!

Erlend Belsheim (25) flytta heim og fekk jobb som Bankrådgjevar i SpareBank1 Hallingdal Valdres. No ynskjer han seg fleire unge kollegaer.

Erlend Belsheim (25) flytta heim og fekk jobb som Bankrådgjevar i SpareBank1 Hallingdal Valdres. No ynskjer han seg fleire unge kollegaer. Foto:

SpareBank1 Hallingdal Valdres er i vekst, og har sidan 2018 rekruttert 32 nye stillingar. No jaktar dei etter fleire unge valdrisar til konsernet.

DEL

Fagernes:
- Vi legg merke til at det er mange unge og nyutdanna frå Hallingdal som søkjer seg til stillingane som vert utlyst. Diverre ser vi eit anna mønster i Valdres, seier leder for kunderelasjonar i SpareBank1 Hallingdal Valdres, Torill Engebakken.

Ho fortel at ho synes det er dumt at færre valdrisar søkjer til stillingane fordi fordelinga i dalføra blir ujamn. No oppfordrar ho fleire unge og nyutdanna frå Valdres til å søkje på stillingane.


Flytta heim

Ein av dei som søkte på jobb i konsernet var 25-åringen Erlend Belsheim frå Vang. Med ein bachelor i økonomi og administrasjon hadde han kvalifikasjonane SpareBank1 var på jakt etter.

- Eg vart ferdig utdanna i fjor vår, og har søkt jobbar i Oslo sidan. Så såg eg ei stillingsannonse her i Valdres, søkte på den, og no sit eg her, seier Belsheim.

I tre veker har han vore bankrådgjevar i SpareBank1 Hallingdal Valdres. Etter å ha budd fleire år i Trondheim var det ei omvending å bu på bygda att.

- Eg trivst godt, men saknar litt å bu i by. Det er ikkje så mange jamngamle som har flytta heim enda, men dei kjem vel etter kvart.


Skaper nye arbeidsplassar

SpareBank1 Hallingdal Valdres veks og har behov for fleire. Det har ført til ti nye arbeidsplassar i Valdres.

- Det er eit generasjonsskifte på gang, og vi har behov for ei anna type kompetanse no enn tidlegare, seier Engebakken.

- Vi har hatt ute fleire av dei tradisjonelle stillingane som ein gjerne tenkjer på når ein snakkar om bank, regnskap og eiendomsmekling. Men vi har også utlyst stillingar som blant anna IKT-medarbeidar, kampanjebyggjar og innholdsmarkedsførar.

Torill Engebakken frå SpareBank1 Hallingdal Valdres seier at det er jobbmulegheiter i Valdres. Konsernet jobbar med å skape arbeidsplassar lokalt, og håper fleire unge valdrisar vil søkje jobb hjå dei.

Torill Engebakken frå SpareBank1 Hallingdal Valdres seier at det er jobbmulegheiter i Valdres. Konsernet jobbar med å skape arbeidsplassar lokalt, og håper fleire unge valdrisar vil søkje jobb hjå dei. Foto:

Den nye kompetansen som konsernet har vore på jakt etter, er kompetanse dei i utgangspunktet kunne ha kjøpt opp. Men Engebakken fortel at dei ynskjer å byggje kompetansen lokalt i staden for å kjøpe opp. Det fører til fleire arbeidsplassar og mulegheiter for unge til å flytte heim etter endt utdanning.

- Det er viktig for oss å byggje arbeidsplassar lokalt, og derfor kjøper vi ikkje opp kompetanse som kan vere hos folk i distrikta, avsluttar Engebakken.



Artikkeltags