Utmarka er rik på ressurser. Ifylgje ein rapport frå Nibio i 2021 er det om lag 800 millionar såkalla fôreiningar i utmarka i Noreg – men det er berre 300 millionar som blir brukt årleg. At det er mogleg å produsere endå meir mat i form av kjøt og mjølk i Noreg, er openbert.

Etter stortingsvalet i 2021 stoppa regjeringa salet av Løken gard til private. I snart to år har det vorte jobba med å få etablert eit nasjonalt senter for fjellandbruk på den tidlegare statseigde forskingsgarden Løken. I april vart den tradisjonsrike forskingsgarden formelt overdrege vederlagsfritt frå Landbruks- og matdepartementet til Øystre Slidre. Tidlegare i mai vart aksjeselskapet formelt stifta, og med på laget er mellom anna Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Fjellnettverket, Norges Vel og Øystre Slidre kommune.

I samband med etableringa av senteret har ei gruppe unge bønder kome med innspel på kva dei meiner eit nasjonalt senter for fjellandbruk bør brukast til. Noko av det dei peikar på er at det er uklart kva som meinast med fjellandbruk. Fjellregionen er stor. 42 prosent av arealet i Sør-Noreg ligg over grensa for det som reknast som fjellregion, 130 kommunar er omfatta og i 2018 låg eit av fem gardsbruk i eit fjellandskap.

Gruppa peiker på utfordringar for fjellandbruket framover: Færre bønder, arealkonfliktar mellom beitenæring og reiseliv, utvikling av hyttefelt og at fleire gardar blir gjort om til fritidsbustader, er noko av det gruppa av unge bønder trekkjer fram som utfordringar framover. Gruppa peikar også på at mange av fjellkommunane i kommuneplanane ikkje klart nok adresserer forvitringa av fjellandbruket, og meiner at kommunane må vera tydelegare på kva rolle fjellandbruket kan og skal ha i framtida.

For inneverande år har kommunen fått ei løyving over statsbudsjettet på fire millionar kroner. Men denne summen må bli ei årleg løyving. Me må kunne forvente at regjeringa også for statsbudsjetta framover vil løyve pengar til senteret, og ikkje la det vera opp til kvar nye regjering om ein ynskjer å løyve pengar eller ikkje.