Gå til sidens hovedinnhold

Splid og splitting må bli til samling om sjukehusstrukturen

Styreleiar Svein Gjerdrum måtte bruke dobbeltstemma si då Helse Sør-Aust fredag vedtok å byggje nytt sjukehus på Moelv.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Vi får håpe ein tiår lang lokaliseringsdebatt no er over, om det blir slik at det er modellen for det nye Mjøssjukehuset som blir valt. Kommunar, organisasjonar, sjukehustilsette og brukargrupper i Innlandet har dei siste 20 åra vore gjennom lange og til dels utmattande diskusjonar om samanslåing av sjukehusa kring Mjøsa, og plasseringa av det nye, store sjukehuset.

I mellomtida har sjukehusa forfalle, pasientar måtte pendla mellom sjukehusa for utgreiing og ikkje minst har prisen for nytt sjukehus vorte høgare for kvart år som har gått utan semje.

Fredag 28. mai må difor vera ein merkedag i Innlandet si sjukehushistorie. Då vedtok fleirtalet i styret i Helse Sør-Aust med styreleiar Svein Gjerdrum si dobbeltstemme å leggje det nye sjukehuset til Moelv, ikkje i Brumunddal. Slik den skjøre semja i fylkestinga i Oppland og Hedmark tilsa.

Les også

Styrelederen etter full sykehus-sprekk: – Det er strekk i laget og det er helt greit

Helseminister Bent Høie får no saka på sitt bord, og avgjerda skal takast før sumaren, melder statsråden. Det som kan forkludre framdrifta for Mjøssjukehuset, er at det såkalla «null pluss»-alternativet også skal utgreiast. Dette alternativet er å halde på dagens struktur og vidareutvikle den. I ein stortingsdebatt nyleg sa Høie at «null pluss»-alternativet skal greiast ut for å gje grunnlag for ei god avgjer. Om utgreiinga kring Mjøssjukehuset på Moelv ikkje står seg, kan ei vidareutvikling av dagens struktur bli ein realitet.

I vedtaket frå styret ligg også at dei desentraliserte helsetilboda skal styrkast, som til dømes lokalmedisinske sentra og distriktspsykiatriske sentra. Sjukehuset på Lillehammer består med gastrokirurgi, ortopedisk kirurgi, fødeavdeling og akutt indremedisin. Elverum blir eit elektivt sjukehus, Tynset består, medan sjukehusa på Hamar og Gjøvik blir lagt ned.

Frå før veit vi at sentralisering av sjukehus og bygging av nye både har gitt dyre sjukehus og for små sjukehus. Paradokset med dagens føretaksmodell, der sjukehusa er organisert i regionale, statlege føretak, er at føretaka må ta opp lån for å byggje nytt, og finansiere nybygging over drift.

Planleggingsramma for ny sjukehusstruktur i Innlandet er 8,65 milliardar kroner. Styret ei Helse Sør-Aust legg til grunn at Sjukehuset Innlandet «bedrer det økonomiske resultatet» og at det blir utarbeidd «konkrete beregninger av økonomisk bæreevne og oversikt over gevinster». Per no er det svært vanskeleg å sjå for seg korleis dette skal skje i Sjukehuset Innlandet utan at det går ut over tilbodet til pasientane.

Kommentarer til denne saken