Er din kommune årets nynorskkommune 2018?

Av

Jobbar du i ein nynorskkommune som gjer ekstra godt språkarbeid? Då er det kanskje nettopp din kommune som bør bli årets nynorskkommune 2018.

DEL

Norge: Aktuelle kommunar og fylkeskommunar søkjer sjølve for å vere med i konkurransen. Prisen er på 100.000 kroner. Vinnaren blir ein nynorskkommune eller -fylkeskommune som tar særleg godt vare på den nynorske målforma. Kommunar som har søkt tidlegare, er velkomne til å gjere det igjen. Det er Kulturdepartementet som deler ut prisen.

Samanslåingar er kritisk

– Nynorsken er under press, og i desse tider med både kommune- og fylkessamanslåingar er det ekstra viktig at nynorskkommunane gjer godt og medvite arbeid for denne målforma. I år vil vi derfor særskilt oppmode kommunar eller fylkeskommunar som skal slå seg saman, om å søkje om å få prisen, seier Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet.

Juryen vil prioritere kommunar eller fylkeskommunar som

  • gjer eller har gjort godt og medvite arbeid med nynorsk i samband med kommunesamanslåingar
  • bruker og synleggjer nynorsk i kommunale planar
  • nyttar nynorsk aktivt i kommunikasjonsarbeid, til dømes på nettstaden til kommunen/fylkeskommunen, i digitale tenester, i skriftleg informasjon til innbyggjarane eller i marknadsføring av kommunen/fylkeskommunen
  • har utarbeidd eigne retningslinjer for nynorskbruk
  • har sett i verk tiltak som fremjar bruk av nynorsk i kommunale og interkommunale føretak
  • gir opplæring i god målbruk for tilsette i kommunen
  • tilbyr opplæring for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • driv aktiv marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • gjer ein innsats for nynorsk i barnehage og barneskule
  • har fått på plass tiltak som utvidar eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

– Vi vil heidre nynorskkommunar som bruker og synleggjer målforma både i skular og barnehagar, i norskopplæringa for innvandrarar og i marknadsføringa av kommunen, seier Kvarenes, som leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS. Merk søknaden «Årets nynorskkommune» og send han til post@sprakradet.no eller

Språkrådet

Postboks 1573 Vika

0118 Oslo

Søknadsfristen er 1. november 2018.

Artikkeltags