I avisa blir mobbing i skulen særleg trekt fram. Spørjeundersøkinga inneheld mange spørsmål om dette temaet, og med fleire svaralternativ. Dersom det er færre enn fem elevar som svarer, blir talet på svar «prikka», det vil seie at det berre går fram at nokon har brukt dette alternativet, men ikkje kor mange. Grunnen til dette er at ein ikkje skal kunne identifisere elevane som har svart.

Det er difor med undring eg les kva statsforvaltaren skriv om Sør-Aurdal kommune: «(...) kommunen bør merke seg at en betydelig andel elever i 10. trinn oppgir at de har blitt mobbet av voksne på skolen de siste månedene.» Denne kommentaren gjeld i alt 31 elevar, 30 elevar ved Sør-Aurdal ungdomsskule og ein elev ved Hedalen barne- og ungdomsskole. Statsforvaltaren snakkar altså om ei svært lita elevgruppe.

På Utdanningsdirektoratet sine opne sider er det oppgitt at 7,7 prosent av elevane på 10. trinn i kommunen svarar at dei blir mobba av vaksne, og for Sør-Aurdal ungdomsskole er talet 8 prosent. Med enkel prosentrekning kan ein finne ut at det truleg er snakk om tre elevar. Tala som elevundersøkinga skjuler, kan ein altså lett finne hos direktoratet. Det er etter mitt syn å leggje vegen open for spekulasjonar om kva for elevar det kan gjelde; spekulasjonar som «prikkereglane» nettopp skulle hindre.

Dei fleste skjønar at konklusjonar bygd på eit så lite materiale er svært usikre. Alvoret i svara er likevel slik at skulen må gjere fleire nærare undersøkingar. Sør-Aurdal ungdomsskole er oppteken av å motarbeide mobbing, og gjennomfører årleg ei eigen lokal undersøking, som blir følgd opp av individuelle samtalar med alle elevane.

Likeins er dette sjølvsagt tema i utviklingssamtalar, i undervisninga og i drøftingar i personalet ved skulen. Med alt det vi veit om elevane våre, og om personalet ved skulen, kan eg ikkje sjå at statsforvaltaren har dekning for å seie at mobbing frå vaksne gjeld «en betydelig andel elever i 10. trinn».

Det er sjølvsagt alvorleg at opplysningane og konklusjonane i kommunebildet kan truge anonymiteten til elevane. Like ille er situasjonen for «dei vaksne». Dei er jo ikkje anonyme. Organiseringa ved skulen er offentleg kjend, og den som vil, kan lett finne ut kven som underviste i 10. klasse førre skuleår. No blir dei mistenkte for å mobbe elevane sine.

Statsforvaltaren uttaler: «– Ulikhetene i elevenes oppfatning av skolemiljøet internt i kommunen gjør det utfordrende å sette en samlet farge (…)». Utfordringa er visst ikkje større enn at Sør-Aurdal ungdomsskole no er farga raud av statsforvaltaren. Det er ille at utsegnene i avisa kan skade tilliten mellom partane i det vesle skulesamfunnet vårt. Etter mitt syn har statsforvaltaren her vist uforstand i tenesta, og har all grunn til sjølv å bli litt raud i kjakane.