Gå til sidens hovedinnhold

Stengar Ljoteli i tre veker frå måndag 25. november

Artikkelen er over 1 år gammel

Frå 25. november blir det heilt stengt gjennom Ljoteli på fv. 53 Årdal-Tyin. Det skal sprengast ut forskjering, og det er ikkje muleg å ha trafikk gjennom området medan dette arbeidet pågår.

-Vegen vil vera heilt stengt frå 25. november til 15. desember mellom Øvre Årdal og Holsbru. Det vil vera arbeid alle dagar for å få forskjeringane klare til tunnelarbeid, og dette er sprengningsarbeid som ikkje er foreinleg med trafikk gjennom anleggsområdet, seier prosjektleiar Jens-Ivar Nilsen i Statens vegvesen.

-Folk må køyra om Lærdal og via Filefjell eller Hemsedal om dei skal austover i stengingsperioden. Det blir jo også ein lang omveg for folk som vil opp til hytter mellom Holsbru og Tyin, så me håpar at folk vil ha tolmod med oss dei komande vekene. Målet er jo ein ny og sikker veg gjennom Ljoteli, så då må me akseptera noko på vegen, seier Nilsen.

Det er Flage Maskin AS som har fått i oppdrag å bygge ny tunnel og veg i Ljoteli, og vegarbeidet går etter planen. Tunnelen vert 1.100 meter lang, og i tillegg skal det byggast om lag 1200 meter veg i dagen. 600 m veg skal byggjast på Holsbru og resten inn mot kvar ende av den nye tunnelen.


Kommentarer til denne saken