Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Det er sterk lesing om frykt, redsel og forvirring, om usikkerheit når kommunikasjonskanalane bryt saman. Men det er også sterk lesing om mot, om leiarskap, og ikkje minst dei mange, mange kvardagsheltane som bidrog til å gjera livet litt enklare for andre.
Om skogeigaren som ikkje hadde forsikring, foreldra som ikkje fekk henta borna på skulen. Om helsepersonell som ikkje kom seg på jobb fordi vegen var stengt av tre som hadde blåse ned. Om dei som risikerte liv og helse for å hjelpe andre, og halde vegane opne. Som Magne Damslora, som er utrykkingsleiar i Valdres brann- og redning. «Jeg er kanskje redd når jeg slipper inn røykdykkere i et hus det er voldsomt fyr i, men ikke sånn som dette. Dette har vi aldri opplevd før», seier han til avisa.

– Der og da var jeg redd, men i etterkant følte jeg meg veldig til nytte
Og det er mykje av inntrykket me sit att med: At kvar og enkelt sin innsats totalt bidrog til at Valdres ikkje vart verre råka. Det skal lite til for å vippe ein valdris av pinnen. Som den då 23 år gamle skogsoperatøren Marius Omsrud, som var åleine på jobb i Vassfaret. Utan mobildekning og utan moglegheit til å koma seg heim og i sikkerheit, heldt han hovudet kaldt medan han sat i timevis i bilen og venta til han fekk hjelp med å koma seg heim. Då hadde ein heil liten hær, med faren i spissen, i mange timar rydda veg i mørkeret for å koma fram til Marius og få han heim.

Marius (24) ble stengt inne i Vassfaret da stormen raste: – Mange har spurt meg om hvorfor jeg ikke begynte å gå
Ekstremvêr er noko me kjem til å oppleva meir av. Om det er flaum, tørke, kulde eller storm må me vera budde på at det i framtida blir stadig større utfordringar som kjem av vêret. Då må me vera rusta for det, både gjennom ein god offentleg beredskap, men også gjennom at me tek vare på kvarandre som innbyggjarar, familie og naboar. Me er ikkje fleire her i Valdres enn at me lett har eit oversyn i lokalsamfunna over kven som er utsett om det røyner på.

Eli kjente på en snikende uro da hun sjekket værvarselet: – Den vesentlige forskjellen er bare at naturen er bygd for det i Nord-Norge – ikke her
Det har ein verdi å vita om folk, å kjenne folk, ha familie og vener i nærleiken. At dei lokale «beredskapstroppane», med mellom anna brann- og redningsetaten, frivillige lag og organisasjonar, ordførarar og lærarar, kjenner lokale tilhøve så godt, at ein raskt får overblikk over kva som må, bør og kan gjerast. Denne fellesskapen som Valdres og valdrisane synte under og etter stormen i fjor, er eit gode ved små lokalsamfunn. Dette godet må me aldri gje slepp på.

– Det koster så lite å bare ta turen bort og se til at alt er i orden. Det angrer jeg på.

Den verste stormen i moderne tid gjorde bursdagsfesten til Storm (11) uforglemmelig

Da Sigrid og Gunnar sendte barna til skolen denne morgenen, visste de ikke at bygda skulle raseres noen få timer seinere.
