Stiller spørsmål rundt anbodsprosessane i Øystre Slidre: – Kommunen brukar dei leverandørane som leverer det beste tilbodet, svarar rådmannen

Dagleg leiar Sigbjørn Evensen i Beitostølen Maskin og Transport har etterspurt om anleggsprosjekt i Øystre Slidre kommune kjem ut på anbod. – Eg meiner kommunen må spørje dei lokale leverandørane i kommunen. Det er vi som betalar skattekroner inn att til kommunen, seier Evensen.