FAGERNES: Stine Bækkelien er nyutdanna journalist, men har allereie brei erfaring, mellom anna frå NRK Rogaland og NRK Innlandet. Bækkelien har òg vore innom avisa Valdres tidlegare, ettersom ho hadde ein del av praksisperioden sin her, og ho kjem til «Valdres» frå eit engasjement i Oppland Arbeiderblad (OA).

– Alltid vore målet

Våren 2020 fullførte Bækkelien journalistutdanning, ein treårig bachelorgrad ved Universitetet i Stavanger, og sidan då har ho peila seg inn på heimlege trakter.

På vegen tilbake til Valdres har ho hatt eit halvt års vikariat i NRK Innlandet på Lillehammer, som gjekk ut ved nyttår. Derifrå gjekk vegen rett til eit engasjement i OA, der den unge journalisten fekk base- og nedslagsfelt i Valdres. No går ho frå OA til avisa Valdres, og det er med andre ord jobb i hennar eiga lokalavis som ventar.

– Det er veldig godt! Eg synest det er kult at dei tør satse på meg, som er ung og nyutdanna, og kjempekult at eg får fast jobb i avisa, seier Bækkelien, og held fram:

– Det er alltid det som har vore målet – å kome seg heim att og få seg jobb her – men eg var førebudd på at det skulle ta mange år. Det at det skjer alt no, er veldig gøy!

Imponerte med kunnskapen

Ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Valdres, Hilde Lysengen Havro, er godt nøgd med tilsetjinga.

– Me svært glade for å få med Stine Bækkelien på laget. Ho er eit stort talent med eit brennande engasjement for distriktsnyheiter og lokalavisjournalistikk. Stine har brei erfaring alt, trass sin unge alder, og har alt opparbeidd seg eit namn i Valdres gjennom arbeidet i NRK og Oppland Arbeiderblad.

Redaktøren fortel at avisa hadde fleire godt kvalifiserte søkjarar på lista, men at Bækkelien imponerte veldig med kunnskapen, kompetansen og nettverket ho har.

– Det er ikkje tvil om at ho vil vera med på å styrke avisa. Når me framover skal arbeide med å få endå fleire yngre lesarar, vil Stine bidra til å setje aktuelle saker på dagsorden, ikkje minst gjennom ei ytterlegare styrking av den digitale kompetansen i redaksjonen, seier Hilde Lysengen Havro.

«Journalistdraumen»

Stine Bækkelien har vakse opp med «Valdresen» liggjande på kjøkkenbordet, saman med OA, men fortel at ho i utgangspunktet ikkje har hatt nokon draum om å bli journalist. Men under praksisperioden i «Valdres» dukka det opp ein gamal sak som kan tyde på at yrket nok har vore oppe til vurdering hjå henne allereie i ung alder.

– Bjørn Karsrud (pensjonert journalist i avisa Valdres, journ.anm.) viste meg korleis eg kunne søke opp namnet mitt i arkivet, og då fann eg eit klipp der Geir Helge Skattebo (journalist i avisa Valdres) besøkte skulen i Slidre, og viste oss korleis det var å vere journalist. Der var det bilete av meg, og saka heitte noko slikt som «journalistdraumen med Stine». Men at eg har hatt ein journalistdraum, det visste eg ikkje, ler Bækkelien.

– Eg søkte meg til journalistutdanninga for å ha litt ulike moglegheiter, men fann fort ut at det var dette som passa meg best. Eg har støtt vore glad i treffe folk, og likt å skrive og fotografere.

Skal skrive om alt

Når det kjem til arbeidsoppgåvene som ventar i avisa, er det ikkje noko bestemt tema Bækkelien skal jobbe med. Sakene blir mange og varierte, og nedslagsfeltet bredt. Men er det nokon saker ho brenn for?

– Det er ikkje noko spesielt som er «min sak». Eg er veldig potet og blir veldig fort engasjert i alt. Så lenge folk eg pratar med er engasjerte, så blir eg det òg. Eg blir nysgjerrig og interessert i alt mogleg, og det er akkurat det eg vil skrive om – alt mogleg.

Men det er ein ting Stine Bækkelien ser spesielt fram til i den nye jobben.

– Avisa Valdres er ei avis i utvikling, og denne utviklinga er det veldig artig å få vere med på. Eg kjem ikkje til «dekka bord», men får vere med å utvikle avisa. Det synst eg er veldig spennande!