Denne hausten har oppslutninga om regjeringa falle til stadig nye rekordlåge nivå. Det er vanskeleg å styre skuta støtt og godt gjennom ei økonomisk krise. Når familiar og bedrifter kvar veke og kvar månad opplever auka utgifter, og har vanskar med å få endene til å møtast, blir det naturlegvis peika på dei som styrer landet. Og det er ikkje Vladimir Putin, sjølv om Ukraina-krigen er ein årsak til auka prisar på straum, drivstoff og matprisar, mellom anna.

Tysdag kveld vart SV samde med Ap og Sp om statsbudsjettet for 2023. SV har fått inn ein tydelegare sosial profil. Småbarnsfamiliane, mange av dei slit aller mest økonomisk no, får litt betring. Auka barnetillegg, 12 timar gratis SFO for 2.-klassingane, auka bustønad og stønad til matsentralar, er noko av tiltaka som er lagt inn for å lette på situasjonen for dei som blir hardast råka.

Utan straumstøtte ville rekningane månad for månad vore endå høgare. Men straumstøtte til bedrifter og hushald skulle strengt teke berre mangle, når staten sjølv tener store summar på høge gassprisar og auka straumprisar.

Onsdag morgon vakna Ap til nok ei botnnotering. I ei meiningsmåling Norstat har gjennomført for NRK og Aftenposten får Ap 17,1 prosent, som er det lågaste Norstat nokon gong har målt for Ap. Partiet har vaka på 15–16 prosent på andre målingar siste tida, også. Sp får 5,9 prosent på målinga, som er meir enn ei halvering frå stortingsvalet i fjor. For Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum er det politisk havari. Sjølvsagt er det vanskeleg å innfri alle løfta frå før stortingsvalet. Det ville vore vanskeleg sjølv i økonomiske «normalår».

Men det Sp og Ap ser ut til å ha vanskar med å ta innover seg, er at det handlar vel så mykje om respekt for veljarar, om å reelt sett skjøne den vanskelege situasjonen mange er i no. Og ikkje minst handlar det om å sjå foreldre som droppar familieselskap, barnebursdagar, mat til seg sjølv, og spinklar og sparar alt dei kan for å få låge inntekter til å gå i hop med høge utgifter, i augo.

Det hjelper lite at Ap i etterkant av NRK Debatten 15. november angra på at ingen ikkje stilte frå partiet. Skaden har skjedd. Arrogansen og den manglande forståinga for kva folk, mange av dei i Ap sitt veljargrunnlag, står i, vitnar om eit parti styrt av folk som ser ut til å sitje godt i det sjølv.