Talet på stølar har stupt i Norge

Kyr: Valdres har eit rikt stølsliv.

Kyr: Valdres har eit rikt stølsliv. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Valdres/Norge: Seterbruket i Norge har vore svært omfattande, og det har skapt eit landskap med store biologiske og kulturelle verdiar. Ved inngangen til 1900-talet var det rundt 100.000 setrar i bruk. I dag er det vel 900.

Rapport frå Nibio

Dette og mykje meir går fram av ein fersk NIBIO-rapport: «Korleis står det til på setra?» - som dokumenterer status for seter-landskapet i Norge i dag. Korleis står fram setermiljøa? Er setrane i bruk? Blir verdiane tatt vare på?

I det sjuårige prosjektet har kartleggjarane frå NIBIO besøkt 1 700 setrar og registrert vel 7 000 bygningar for å finne svar.

Målet har vore å presentere eit gyldig tidsbilete av seterlandskapet. Siste sesong var sommaren 2015. No er rapporten med det omfattande materialet klar.

Ulike typar seterbygg, setervoll, tilstand og dagens bruk er kartlagt. I tillegg til statistisk dokumenta-sjon, er rapporten rikt illustrert med bilete og figurar. Tala er gjengitt samla for landet og regionvis.

I Valdres er status slik: "I 2016 var det att 186 lokale stølar i drift. Det er ein nedgang på 99 stølar, eller 35 prosent i løpet av 11 år."

Kva viser undersøkingane?
Rapporten fortel om eit seterlandskap i endring.

- Dette er som forventa, i lys av strukturendringane som over mange år har funne stad i norsk landbruk, kommenterer prosjektleiar Kari Stensgaard  i NIBIO.

Les meir om Nibio her. Dei vil leggje ned forskingsstasjonen på Løken.

- Årsaka til endringane er først og fremst at setra, eller stølen som mange vil seie, har mista sin opprinnelege funksjon, fortel Stensgaard.

-  Konsekvensen av dette er ein bygningsmasse som forfell eller endrast, seterlandskap som gror igjen og tradisjonskunnskap som går tapt, seier ho.

Rekreasjon overtar for produksjon
Bruken av setrane er endra i takt med tida. Av dei som framleis er i bruk, blir mange brukte på nye måtar:

- Hytter overtar for seterhus, og rekreasjon erstattar produksjon. Det er den gjennomgåande tendensen, kommenterer prosjektleiar Stensgaard.

Fritidsbruk utgjer i dag nær 60 prosent av aktiviteten på setrane. Solcellepanel og terrassar kjem til, mjølkeplassar og løer forsvinn ut.
Gjennom denne nye hyttebruken, blir seterstovene, eller sela, haldne ved like. Sjå figur over seteranlegg og bruk, regionvis fordelt, i faktavedlegg.

- Driftsbygningane mister  sin funksjon. Både tal og bilete fortel om løer, fjøs og ystehus i sterkt forfall, seier Stensgaard.
- Ofte er dei fjerna frå setrane. Materialet viser at det er nær samanheng mellom funksjon og vedlikehald. Bygg utan bruksverdi forfell i større grad enn dei som framleis gjer nytte.

Figuren viser at sela er bevarte på vel tre-fjerdedelar av dei registrerte stølane. På om lag halvparten av stølane er fjøsa intakte, medan berre ein fjerdedel har bevarte løer. Ystehusa står det dårlegast til med:

30 prosent blir slått

Gjennomsnittleg for heile landet blir rundt 30 prosent av setrane brukt til slått og beite.  Slått og beite varierer frå 14 prosent på Vestlandet, til 37 prosent på Austlandet.

Berre fire prosent av setrane har framleis mjølkeproduksjon. Mest av dette finn vi på Austlandet og i Midt-Noreg, minst på Vestlandet. Oppland er det største seterfylket med 350 aktive setrar.

I underkant av ein prosent driv turisme. For nokre kan tradisjonell setring og turisme vere to sider av same sak. Enkelte setrar med  mjølkeproduksjon og ysting er og opne for besøkande.

Riksantikvaren applauderer

Riksantikvaren har støtta overvåkingsprogrammet som ligg til grunn for kartlegginga og har bidratt til finansiering av feltarbeidet. Arbeidet er i hovudsak finansiert av Landbruks- og matdepartementet.

- Vi har applaudert at NIBIO har prioritert ein slik gjennomgang av seterområda, seier fungerende riksantikvar Marit Huuse.

- Sjølv om vi anar korleis utviklinga i seterområda er, gir registreringa oss konkrete tall, særleg om tilstand for bygningar og setervollar og bruken av setrane, seier Huuse.

Eit knippe funn og fakta. Av dei nær 1 700 registrerte setrane er biletet slik:

  • På 27 prosent av dei er det ikkje lenger teikn til bruk
  • Vel 4 prosent er i aktiv drift med mjølkeproduksjon
  • 57 prosent blir brukte som fritidsbustader
  • 29 prosent brukte til slått, eller beita
  • Knapt 1 prosent driv turisme i form av servering, formidling eller overnattingstilbod
  • Alle som driv aktiv stølsdrift har bilveg heilt fram


1 689 seteranlegg eller rester av seteranlegg er registrert i prosjektet, fordelt med 465 i vestlandsfylka, 963 på Austlandet og 261 i Midt-Noreg.

Slik er ståa i Valdres

Øystre Slidre på topp

Både i 2005 og 2016 var Øystre Slidre den største stølskommunen i Oppland (dei er truleg det også i heile landet). Øystre Slidre hadde i 2005 79 + 3 = 82 stølar i drift, medan talet i 2016 var kome ned i 60 + 1 = 61 stølar i drift.

Vestre Slidre var og er nest størst: 2005: 72 + 3 = 75 stølar, 2016: 42 + 0 = 42 stølar.

Nord-Aurdal held på tredjeplassen i Valdres: 2005: 55 + 3 = 58 stølar, 2016: 39 + 3 = 42 stølar i drift.

Vang 2005: 43 + 0 = 43, 2016: 29 + 0 = 29 stølar i drift.

Snart utradert i Sør-Valdres

Utviklinga for stølsdrifta er mest negativ sør i dalen, og aller verst i Sør-Aurdal, der det kan sjå ut til berre å vera eit tidsspørsmål før dei heilt har mista stølsdrifta. I fjor var det nemleg berre fire stølar att:

Etnedal 2005: 12 + 0 = 12 stølar i drift, 2016: 8 + 0 = 8 stølar i drift.

Sør-Aurdal 2005: 14 + 1 = 15 stølar i drift, 2016: 4 + 0 = 4 stølar i drift. Det er ein nedgang på rundt heile 74 prosentpoeng.

Les heile saka her.

Les alt om stølsdrift her.

Artikkeltags