NORGE: Sms-tenesta frå Statens vegvesen vart lansert like før dei tre norske vinterferievekene. På den tida har det blitt sendt ut over 300.000 sms-ar med trafikkinformasjon.

– Veginformasjon er viktig for bilistar, spesielt no i vinterferievekene, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i ei pressemelding.

Gratis

Tenesta er gratis og gir informasjon om mellom anna vêr og føreforhold over fjellet, om det er kolonnekøyring, stengte vegar og kor lenge desse forholda er venta å vare.

Ein kan også klikke seg inn og sjå direkte-bilete som viser sanntidsinformasjon frå fjellovergangane.

Oppfordrar fleire å melde seg på

Vegdirektøren oppfordrar og reknar også med at endå fleire vil melde seg på sms-varselet denne veka når fleire skal ferdast over fjellet.

– Fjellovergangar kan vere krevjande, særleg om ein ikkje køyrer der til kvardags, men typisk ein sjeldan gang slik som i feriar, seier ho.