Israel-treff på Storefjell

Andres Nibstad (t.h.) og onkel Lars er klypparar på torader.

Andres Nibstad (t.h.) og onkel Lars er klypparar på torader. Foto:

MIFF (Med Israel For Fred) i Hallingdal og Valdres hadde torsdag møte på Storefjell.

DEL

Hallingdal/Valdres: Dei to foreiningane trassa snøvêret og markerte Israels nasjonaldag med kåseri, middag, musikk og moro.

Vertskapet på hotellet var med i programmet. «Med nær 120 på lønningslista og 6 millionar i årlege straumutgifter, er det avgjerande at våre 550 senger er mest mogleg i bruk», oppsummerte Andreas Nibstad, då han hadde fortalt om den storfelte bedrifta som har vore i familien sidan 1928. Saman med onkel Lars avrunda dei to innslaget med fleire gode låttar «i eigen hustradisjon.»

Jens Jorde, leiar i MIFF Hallingdal, heldt eit engasjert innlegg om framgangen i israelsk økonomi og teknologi. Israelske vitskapsfolk og oppfinnarar kjem stadig med nyvinningar innan medisin og helse. Alle dei store teknologiselskapa i verda har no forsknings- og utviklingssentra i Israel. I tillegg: Med store funn av gass i havet har regjeringa fått nye politiske kort for handelsavtalar og god diplomatisk framgang i mange land. Israel er no ein etablert frontnasjon i høgteknologi, sa Jens Jorde, og hevda at det me hittil har sett av oppsiktsvekkjande innovasjon, berre er ein mindre start.

«Fritt ord» er ein populær post på våre møte, der det var fleire i forsamlinga som greip sjansen både med ytringar, spørsmål , humor og musikalske innslag.

Asle Stølsdokken, leiar i MIFF Valdres, takka for arrangementet, og avrunda den trivelege kvelden med Stein Ove Bergs vise «Våren kommer nå».

Artikkeltags