Kor mykje natur skal byggjast ned? Kor mange elver skal og fossar skal byggjast ut? Korleis skal landet sikre meir produksjon av fornybar energi, når Noreg samstundes pliktar seg til å ta vare på meir natur?

Demonstrasjonane i Oslo dei siste dagane har sett på spissen konflikten mellom natur og beiteområde på den eine sida, og samfunnet sitt behov for meir fornybar energi på den andre sida. Saka om vindmøllene på Fosen-halvøya er sjølvsagt meir komplisert. Som eit viktig reindriftsområde har Noreg også andre plikter når det gjeld å leggje til rette for at samane som urfolk kan utøve tradisjonell reindrift. Uavhengig av om ein er for eller mot vindkraft, grensar regjeringa si handtering av saka til det meir parodiske, ikkje minst aktualisert med filmen «La elva leve» som no blir vist på kino.

I Danmark blir jordbruksjord bygd ned til fordel for solcelleanlegg. Økonomien i landbruket er så pressa at bøndene som eig jorda tener meir pengar på å selje eller leige ut jorda til solkraftprodusentar, enn å produsere mat sjølve. Ifylgje Landbrug og Fødevarer, er 8000 mål dyrkbar jord, mellom anna kornjord, alt bygd ned med solkraftanlegg, og fleire anlegg er på trappene. I ein del av verda der det – trass i auke i matprisane – er meir enn nok mat, kan det verke som ein god idé å byggje ned matjord og beitemark for ny fornybar energi. Men krigen i Ukraina har synt kor viktig det er å produsere mat der maten kan produserast.

Og naturen er også under press i Valdres. Ikkje minst i diskusjonen om utbyggjing av Ryfossen, som må reknast for å vera eit «landemerke». Ap og Sp nasjonalt opna før jul opp for å byggje ut verna vassdrag, men saka er betent også i regjeringspartia. Det kan setje spørsmålet om utbyggjing av Vindavassdraget i Øystre Slidre i spel på nytt. Fyrste prøvesteinen blir neste veke. Då skal Energi- og miljøkomiteen på Stortinget avgje innstilling på eit framlegg frå Venstre om at Vinda, som eitt av fem vassdrag, skal koma inn i verneplanen.

Klimaminister Espen Barth Eide – frå Ap – skreiv før jul under på ein naturavtale som forpliktar Noreg til å verne meir natur mot nedbyggjing. Med større press på utbyggjing av ny fornybar energi, kjem Barth Eide og resten av Ap/Sp-regjeringa stadig til å møte seg sjølve i døra.

Det er enklare å rekne på verdiar i kroner og øre av kraftutbyggjing, enn på beiteområde for reindrifta, kornjord i Danmark eller verdien av ein ubygd foss eller eit vassdrag i Valdres. I ei verd som treng meir fornybar energi, pliktar likevel utbyggjingsvillige politikarar lokalt og nasjonalt seg til å verne meir natur.