Gå til sidens hovedinnhold

Stort engasjement for Vang: Mange vil mykje med bygda

Med konstruktive diskusjonar og konkrete løysingar kom det mykje interessant på bordet under pøbbpraten på Mjøsvang kafe førre fredag.

VANG: – Det er herleg at folk har så mykje på hjarte at ein held på i fire timar i staden for to seier Marte Tangen, dagleg leiar ved Vang frivilligsentral.

Ho leia kafedialogen etter at Dag Inge Bruflot og Hallgrim Rogn i Innovangsjon innleia med litt status om nosituasjonen i Vang.

– Kva vil vi med Vang?

– Vi slo saman kveldane til éit arrangement fordi alle påmelde fikk plass på éin kveld. Det var veldig fint å få aldersspreiing i gruppa, og det var ein løysingsorientert gjeng som fikk fram mange gode diskusjonar, fortel Tangen.

Kvelden var delt inn i tre emne. For kvart emne vart to tiltak frå kvar gruppe tekne opp på tavla, før alle la att sine stemmer. Til dei tiltaka med flest stemmer vart det også utpeikt nokon som har hovudansvar for å følgje opp.

– Det betyr ikkje at det nødvendigvis er desse skal gjennomføre ideen, men for å sikre at ideane ikkje døyr bort like fort som dei har kome opp så peikte vi ut nokon som kan ta det første skrittet, fortel Tangen.

Her er hovudtrekka:

Samarbeid og lokalmat

Kvelden var delt i tre bolkar der fyrste debatten handla om næringslivet. «Korleis skapar vi mangfaldige og langsiktige arbeidsplassar i Vang?» var det konkrete spørsmålet til diskusjon. Tiltaka med flest stemmer vart:

Marknadsplass for lokalmat. (Hovudansvar: produsentar, faglag og næringsutviklar i Innovangsjon)
Både start av Reko-ring, større deler av næringskjeda lokalt og fleire andre moglegheiter ligg i det fyrste punktet. Det folk aller helst ønskjer seg er eit utsal som både gjev omsetning til lokale produsentar og vert ein naturleg stoppeplass for besøkjande.

Kompetanseheving/heie på kvarandre. (Hovudansvar: kommunestyret)
Her var hovudpoenget at om alle kan litt om kvarandre så er det enklare å heie kvarandre fram og hjelpe kundar til å finne det dei leitar etter. Dette går på tvers av næringar og fører til vekst hjå alle, så her er potensialet ved å verta endå betre stort. Elles handlar det om å halde fram med å byggje opp om kvarandre og heie på dei som ynskjer å satse. Reint konkret kan informasjonsopplegg i forkant av sesongar vera eit tiltak her.

Revy og brubygging

Dei to temmeleg ulike områda kultur og ukultur var neste tema fram i lyset der dei to spørsmåla var: Kva ukulturfenomen må vi kvitte oss med? Kva saknar du i kulturlivet?

Av fleire artige innspel til kulturlivet vart revy (Hovudansvar: Frivilligsentralen) trekt fram som det med størst potensial. Mange snakka opp både revyane og alt det positive dei førte med seg på åtti- og nittitalet. Revyane i seg sjølv var store hendingar, mens øvingane gjennom året var møteplassar mellom folk med ulike interesser og kunnskap. Ein lyt sjå nærmare på om det er interesse for å dra i gang att dette.

Byggje bruer/byggje ned polarisering (Hovudansvar: Innovangsjon) – vart prioritert som noko ein bør jobbe meir med i kategorien ukultur. Folk er ulike, noko som er heilt greitt og skal halde fram. Det handlar mest om å skape større aksept for at alle ulike meiningar høyrer heime i eit lokalsamfunn. Klassiske øvingar som å skilje person og sak, prate med i staden for om, og generelt jobbe for ein kultur der det er lov å vera seg sjølv fullt ut, er gode mål her.

Opne armar

I den siste debatten for dagen, med tema «Kven er vi» var spørsmålet «Kva gjer vi for at alle skal føle seg velkomne i Vang?»

Fadderordning (hovudansvar: etat for oppvekst, kultur og integrering) fekk flest stemmer. Mange trakk fram at tilflyttarar blir teke godt i mot, og at mange er flinke til å bry seg om kvarandre. Likevel vart det peikt på utfordringar for til dømes born med foreldre utan bil eller førarkort, som ikkje kjem seg på aktivitetar eller bursdagar. Korleis løyser vi dette på ein fornuftig måte?

Elles kom det opp eit ynskje om ein revisjon av kva nye sambygdingar får av informasjon og oppfølging (hovudansvar: formannskapet). Heilt praktisk betyr det å sjå på informasjonspakka som vert sendt ut til nye tilflyttarar. Får alle den, og kva skal den innehalde? Kva for oppfølging vidare er mest hensiktsmessig? I diskusjonen var vi innom tiltak som å hugse å introdusere seg med namn når ein helser på nye (det er mange å halde styr på for dei som er nye i bygda) og å vere flinkare til å rekruttere nye sambygdingar til t.d. verv i frivillige lag. Å kjenne seg nyttig gjer også at ein kjenner seg velkommen!

Kommentarer til denne saken