Heggenes: Øystre Slidre kommune har siste veka fått 40 frivillige som gjerne vil bidra med praktiske oppgåver i desse koronatider.

Stor dugnadsinnsats

– Frivilligsentralen har fått i oppgåve av kommuneleiinga i Øystre Slidre å koordinere hjelpeoppdrag og frivillig innsats. I tillegg til desse 40 frivillige, har Frivilligsentralen eigne frivillige som er ringevenner, Røde Kors har mange frivillige som kan bidra med si kompetanse og facebook-sida «Vi i Øystre Slidre hjelper kvarandre» har også mange frivillige, fortel folkehelsekoordinator Liv Vindal.

– Her er eit stort frivillig-apparat som kan hjelpe personar som er i isolasjon/karantene eller av andre grunnar som følgje av koronautbrotet, ikkje får utført praktiske gjeremål t.d. handling av matvarer. Eller viss du føler at dagane blir lange og einsame, kan ein ringevenn vere fint, legg ho til.

All mogleg hjelp

– I førre veke starta fleire frivillige som handlehjelp og ringevenn, og andre oppdrag som barnepass, transport av ulike slag, snømåking m.m. tek dei frivillige også på seg. Når det gjeld handlehjelp, har vi eit godt samarbeid med butikkane, og våre frivillige er berre eit supplement til butikkane viss dei treng ekstra hjelp med utkøyring av varer, fortel Vingdal.

Utkøyring er gratis for kunden, og alle frivillige som har registrert seg på kommunen si heimeside, får dekka køyregodtgjering frå kommunen.

– Det er laga klare rutinar for korleis oppdraga skal utførast i samsvar med smittevernrutinar. Frivilligsentralen i Øystre Slidre har i desse dagar stor nytte av det nasjonale nettverket for frivilligsentralar, der nyttige idear og erfaringar blir utveksla. I ei slik fase som vi er inne i no, kan frivilligsentralen i ei kommune vere eit nyttig koordinerings-nav for kommuneadministrasjonen, avsluttar Vingdal.

Les meir her og ta kontakt.

Les meir på Øystre Slidre kommune sine heimesider her.