Som ein av dei store, nasjonale sakene dei siste åra har distriktspolitikk flytta store veljarmassar frå Ap og partia på borgarleg side, til Senterpartiet. Korleis folk skal leva og bu, tilgang på attraktive arbeidsplassar og gode tenestetilbod er viktige tema i ein god distriktspolitikk. Før koronapandemien dominerte debatten om sentralisering og konsekvensar for distrikta. Til no i valkampen har derimot temaet teke ein forsvinnande liten del av merksemda.

Debattar om klimaendringar, oljeutvinning, formuesskatt, utjamning og rettferdig fordeling har – ikkje uventa – teke ein stor del av valkampen. Godt krydder er også avsløringane om korleis dei rikaste i landet visstnok prøver å sverte Arbeidarpartiet gjennom eit diskusjonsforum på WhatsApp, og at KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad har vore folkeregistrert heime hjå foreldra sine i Agder, sjølv etter at han gifta seg og fekk born, og slik fått tilgang til gratis stortingsleilegheit i Oslo.

Av større saker som openbert har påverka valkampen, er FNs klimarapport. Difor er det framleis stor spenning knytt til resultatet av stortingsvalet om ei knapp veke.

Dette valet vil kan hende tydelegare enn før syne skilnaden mellom bygd og by. Klimamedvitne veljarar i byen er det mange av, og kven dei røyster på vil påverke den nasjonale oppslutninga til MDG, Raudt og Venstre. Om dei hamnar over eller under sperregrensa kan utgjere fleire mandat i skilnad. Og det er fyrst og fremst i storbyane at partia går kraftig fram. Ifylgje ei utrekning politisk kommentator Lars Nehru Sand i NRK har gjort, vil desse tre partia få 22 fleire mandat på Stortinget, om ein legg gjennomsnittet av dei siste nasjonale målingane til grunn.

Uavhengig av om statsministeren etter valet heiter Støre eller Solberg til etternamn, vil det påverke politikken den neste regjeringa fører. Høgre prøver å åtvara veljarane med slagordet «Tida er ikkje inne for store eksperiment». Arbeidarpartiet meiner «det er vanlege folk sin tur». Ingen av slagorda ser ut til å føre partia til gamle høgder. Det ser heller ikkje ut til at åtvaringane frå Høgre og Solberg skremmer veljarane vekk frå Raudt og MDG i byane.

Det kan vera at dei etablerte, store partia ikkje forstår dagens store veljarmassar i byane. Uansett vil tyngdepunktet i Stortinget påverke distrikta og distriktspolitikken den komande fireårs perioden. Det einaste som er sikkert er at det stortingsvalet blir eit spennande val.