Framleis liv i julebukken

 Julebukkmoro på Kvamshall er ein årleg tradisjon i januar måndag.

Julebukkmoro på Kvamshall er ein årleg tradisjon i januar måndag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Lomen: Julebukk-tradisjonen er eit utrydningstruga kulturfenomen. Men på Kvamshall i Vestre Slidre held dei liv i julebukkane. Laurdag sette rundt 35 bukkar kvarandre stemne. Saman med mange andre feststemte, var det rundt hundre personar som kom saman til god, gamaldags bygdefest denne kvelden. Både bukkar og andre svinga seg i rytmene til "Swings" frå Dokka, der Jan Biribakken (t.v.) og Odd Arne Røberg spelte og song. Her er nokre av bukkane i sving på dansegolvet, og dei to fargerike damene i framgrunnen vart kåra til beste par for kvelden. Bak maskene skjulte Inger og Synnøve Strand seg. Fleire bilde i ein reportasje i avisa tysdag.

Artikkeltags