Gå til sidens hovedinnhold

Strømmen snart attende i Etnedal

All høgspent er kopla inn att, men det vil framleis ta nokre dagar å utbetre feil på lågspentlinjene, melder Etna Nett.

Etna Nett, som mellom anna eig og driftar straumnettet i Etnedal og delar av Nord-Aurdal, har jobba på spreng sidan uveret fredag for at straumkundane skal få att straumen sin.

Store skader på straumlinjene har derimot forårsaka mykje.

På Facebook tysdag kveld melder Etna Nett den siste strekninga med høgspentlinje vart kopla inn att ca. 17.35. Kundane på trafokretsane Sørum, Bergeid, Klevgård, Hovdesveen og Prestøye får dermed att straumen.

Dei neste dagane vil selskapet ha fullt fokus på å utbetre feil på lågspentlinjene. Etna Nett melder at det innimellom vil vera nødvendig å kople ut straumen for at montørane skal få utført arbeidet.

Kommentarer til denne saken