Debattinnlegg Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Skrivemåten for stadnamn skjer jamt over på ein av tremåtar:
1) Etter lokal uttale, slik lovi har som hovudføremål.
2) Etter eldre, danskprega former eller innlånte «bymålsformer».
3) Etter såkalla normalisering, der Staten hevdar at deira former er betre enn lokal uttale. Det føre mellom anna til skrivemåten «Strondafjorden», sidan det på nynorsk heiter Strond, og sidan lovi krev at ein fylgjer målføret i samansetjingslyden (a, ikkje e som i Strandefjorden).
Standardverket «Norske innsjønamn. Upplands fylke (Indrebø 1924) fortel om to namn på fjorden; Strandefjorden, uttala Strøndafjorden, skrivi «Strandfiord» i 1749, og «Svennesfjord» på O. A. Wangensteens kart 1761. Det kan då synest som det var ved Strøndafjorden som Sebufjorden, fjorden hadde ulikt namn ved hovudgardane ved fjorden (Sebufjorden og Døvrisfjorden, Svenesfjorden og Strøndafjorden). Eit eldre dokument har jamvel Mjøsi som namn nørdst i Strøndafjorden, ved Ulnes.
Skrivemåten Strandefjorden kan føre ukjende lesarar anten til Øye i Valdres eller til vatn i Hallingdal. Det er difor gledeleg om media vil nytte den skriftformi kommunen har fastsett og som er i samsvar med hovudintensjonen i lov om skrivemåten av stadnamn; nedervd, lokal uttale.