Jubileumskonsert for Strunkeveko

Strunkeveko: Strunkeveko har vorte eit populært kurs for barn og ungdom.

Strunkeveko: Strunkeveko har vorte eit populært kurs for barn og ungdom. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Strunkeveko blir i år arrangert for 20. gong. Det skal feirast med ein jubileumskonsert på Fagernes Kulturhus.

DEL

Fagernes: Jubileumskonserten er torsdagskvelden 3. august i Fagernes Kulturhus.

– Strunkeveko blir i år arrangert for 20. gong. Vi skal feire det med ein skikkeleg konsert neste veke, seier Sivert Holmen, kursleiar for Strunkeveko.

Tidlegare elevar

På scena skal tidlegare strunkeelevar- og lærarar halde framsyning på kulturhuset.

– Vi skal ha innslag av gode utøvarar som har vore innom Strunkeveko gjennom åra, seier Holmen.

Helga Myhr, Ole Nilssen, Silje Liahagen, Solveig Brekke Hauknes, Jon Bugge Mariussen, Lars Fivelstad, Tora Vik og Sivert Holmen er nokon av dei som skal opptre under konserten.

Mange deltakarar

Holmen seier at dei i år har det beste deltakartalet på Strunkeveko sidan 2012.

– Vi har i år 87 deltakarar på kurset for dei mellom 11 og 24 år, og 40 deltakarar på «Ministrunken», seier Holmen.

Ministrunken er for barn mellom 6–11 år.

Strunkeveko blir arrangert på Merket i Tisleidalen frå 30. juli til 4. august.

Noregs største

Strunkeveko er Noregs største sommarkurs i folkemusikk – og dans for ungdom.

Strunkeveko tilbyr kurs i alt frå toradar og hardingfele, til pardans og hallingdans.

Strunkeveko

  • Har eksistert sidan 1998
  • Blir arrangert for 20. gong i år. Skal feirast med ein jubileumskonsert på torsdag
  • Noregs største sommarkurs i folkemusikk- og dans for ungdom
  • Arrangerast i år på Merket i Tisleidalen
  • For barn og ungdom mellom 11 og 24 år
  • Fleire av lærarane er profesjonelle utøvarar

Artikkeltags