Supermåne på himmelen natt til torsdag. Slik såg den ut på Beitostølen i går kveld

Fullmåne: Slik såg månen ut på Beitostølen natt til onsdag.

Fullmåne: Slik såg månen ut på Beitostølen natt til onsdag. Foto:

Natt til torsdag er det supermåne. Då er månen 358.446 kilometer frå jordas overflate. Det er det næraste han kjem i 2020.

DEL

Valdres: Ein supermåne er eit uvanleg fenomen som berre hender nokre få gonger i året.

Allereie natt til onsdag var månen klar og flott, og onsdag blir det altså supermåne.

Det kallast supermåne når det er fullmåne samtidig som månen står nærast jorda i bana si.

Ifølgje Wikipedia vil månen bli opplevd inntil 14 prosent større når det er supermåne, og ein ser òg at han lyser mykje sterkare enn vanleg.

Artikkeltags