Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Hovudbodskapen dykkar er at innbyggjarane i Øystre Slidre vert vesentleg belasta av utbyggjing på Beitostølen. I grove trekk har de snudd dette på hovudet. Det er rett at vatn og avløp, renovasjon og feiing, plan, byggjesak og oppmåling er innafor sjølvkostområdet. Det betyr at det er abonnentane/kundane som må dele på kostnadene innafor kvart sjølvkostområde. Altså at desse investeringane og driftsutgiftene ikkje belastar den vanlege kommuneøkonomien, som difor kan brukast til dei vanlege tenestene ein kommune skal levere som skule, barnehage, helse og omsorg osv.
"Vet du som innbygger hva de store utbyggingsplanene betyr for deg?"
Når det koplast på fleire leilegheiter eller hytter på Beitostølen eller andre stader, vert det fleire å dele vass- og avløpsgebyra på og desse gebyra kan haldast lågare enn utan nye påkoplingar.
Øystre Slidre kommuna er midt inne i ei storstilt utbyggjing av vatn og avløp med ny drikkevasskjelde (Mellsenn) og nytt reinseanlegg ved Nedrefoss (25-30 000pe). Denne satsinga hadde ikkje vore mogleg utan Beitostølen! Planen me arbeider etter er frå 2017. Gjennom denne planen skal me skaffe vatn og avløp til bygdene frå Beitostølen til og med Kolstad. Det same skal gjerast ved «tyngre» hytteområde som Robølshøvda-Murkhøvd, Luskeråsen og Javnlie. Fleire av desse områda/bygdene har utfordringar med både vasstilgang og avløpsforhold.
På grunn av den tunge utbyggjingsfasa me er inne i, vil gebyra gå opp framover – men di fleire me har å dela dette på, di lågare vert auken. Den infrastrukturen me byggjer no kan ha ei levetid på opptil 100 år, altså er dette ei langsiktig investering for ei positiv og berekraftig samfunnsutvikling.
Eigedomsskatten på hus og hytter/leilegheiter vert delt mellom kommunal drift og nærings-/samfunnsutvikling. Her har me det same forholdet. Di fleire som bidreg, di større vert potten – til glede for innbyggjar og deltidsinnbyggjar. For desse midlane vert brukt til skule og barnehage, helse og omsorg, skiløyper og stiar, Beitostølen stadion, Beitostølen Utvikling, Valdres Natur og Kulturpark, Visit Valdres, bønder som byggjer nye lausdriftsfjøs og endå meir.
I utbyggjingsområde er det utbyggjar som må koste all infrastruktur som veg, vatn og avløp, skiløype og skibru og gjennom utbyggingsavtale med kommuna må stille midlar til kommunal disposisjon for fellestiltak og årlege skiløypebidrag vert pålagt kjøper.
Når det gjeld uttak av vatn frå Olevatnet, så er det rett at i perioden 1. januar-1. mai vert det på døgnbasis teke ut litt for mykje vatn i høve til konsesjon. Derfor pågår det ein prosess for å søkje ny konsesjon med høgare grenser. I tillegg arbeider me med konsesjon for drikkevasskjelde nr. 2, Mellsenn.
Kommunen sine dyktige fagfolk har lenge vore klar over at det er lekkasjar på vassleidningsnettet på Beitostølen og utbetra dei ein har funne. No er det gjort ei analyse som tyder på vesentlege tap på nettet. Dette kjem kommuna til å følgje opp med eit eige prosjekt som då truleg vil senke uttak frå Ole betrakteleg. Beito RA har i 2023 ikkje hatt overskridingar på utslepp og kommunen arbeider støtt mot realisering av Nedrefoss RA. Konsesjonssøknad er sendt.