Anders syklar frå Lindesnes til Nordkapp for ente gong: - Heile ruta er fin, men eg ser spesielt fram til å sykle over Valdresflye

Lindesnes-Nordkapp: Anders Meyer syklar frå Lindesnes til Nordkapp for ente gong. Etter ei veke på sykkelsetet tok han seg ei fortent pause i Valdres.

Lindesnes-Nordkapp: Anders Meyer syklar frå Lindesnes til Nordkapp for ente gong. Etter ei veke på sykkelsetet tok han seg ei fortent pause i Valdres. Foto:

Anders Meyer frå Dovre syklar frå Lindesnes til Nordkapp for ente gong. Denne gongen har han lagt ruta om Valdres.

DEL

Leira: - Eg møtte full vinter over Rauland, så det var godt å komme inn i ei hytte og få tørka litt klede, seier Meyer.

Etter ei veke på tur har Meyer sykla gjennom alle årstidene, og tok seg ei fortent pause i Valdres.

- Eg fekk tak over hovudet på Strandheim Hyttetun, sjølv om dei ikkje har opna for sesongen endå, det var utruleg godt. Eg trengte desse dagane her for å tørke klede og skru på sykkelen.


Mykje planlegging

Meyer fortel at han har både sykla, gått til fots og på ski den same strekninga. Før ein legg ut på den nærare 300 mil lange turen er det mykje som må planleggast.

- Det er ein del som må planleggast, til dømes kva slags turutstyr eg skal ha med og ikkje minst logistikk. Mat brukar å ordne seg på vegen så det tenkjer eg ikkje så mykje på.

Meyer fortel vidare om den fyrste turen han hadde frå Lindesnes til Nordkapp.

- Då hadde eg ikkje med noko sykkelutstyr eller reservedeler. Eg hadde flaks den turen, for å sei det sånn.

- Det er også viktig å hugse at turen tek som regel lengre tid enn fyrst planlagt. Denne gongen har eg satt av ein månad, og så langt er eg innanfor, seier Meyer.


Dokumenterer turen

Meyer syklar ruta åleine, og fortel at det går heilt greitt, men enkelte gonger saknar han nokon å dele opplevinga med.

- Eg har med meg eit kamera som eg dokumenterer turen med. Eg ser aldri på videoane i ettertid, men eg brukar kameraet som nokon å snakke med seier Meyer.

Vidare går turen over Valdresflye, og om eit par veker er han forhåpentlegvis på plass på Nordkapp.

- Heile ruta er fin å sykle, men det er veldig fint å sykle gjennom Valdres, og eg ser spesielt fram til turen over Valdresflye, avsluttar Meyer.




Artikkeltags