Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Onsdag vart opplagstala for norske mediehus 2021 presenterte. Frå 2020 til 2021 aukar det totale opplaget for avisene med 1,5 prosent. Mot bakteppet av vilkåra russisk nyheitsmedium har stått i dei siste åra, skal me prise oss lukkelege for den sterke og frie posisjonen for norske mediehus.
Dei fyrste avisene i Noreg var etablerte på slutten av 1700-talet. I fjor var det 234 aviser, og talet har vore ganske stabilt dei siste åra trass i store omveltingar i mediebransjen med tapte annonseinntekter, konkurranse frå sosiale medium og eit stadig meir digitalisert samfunn.
Vinnarane av Nobels fredspris i fjor, dei to journalistane Dmitrij Muratov frå Russland og Maria Ressa frå Filippinane, har båe lagt vekt på kva kamp journalistikken i dag står i. «Utan fakta, inga sanning. Utan sanning, ingen tillit. Utan tillit, inga delt verkelegheit, ikkje noko demokrati», sa Ressa. «Me er journalistar, vår oppgåve er klar – å skilje mellom fakta og usanningar», sa Muratov då han fekk prisen i desember.
Avisa han er redaktør i, Novaja Gazeta, har sett seks av journalistane sine vorte drepne. No står Muratov og avisa midt i kampen om å skildre kva som skjer i Ukraina. Den nye hasteloven som Putin-regiment innførte, har gjort det ulovleg for mediehusa å omtale krigen som ein krig. Journalistar, redaktørar og andre risikerer 15 års fengsel om dei publiserer det russiske styresmakter meiner er «feil informasjon» om krigen.
I Noreg står pressefridomen sterkt – heldigvis. Me risikerer ikkje å bli fengsla om me skriv sanninga i staden for ein diktators usanne propaganda. 83 prosent av befolkninga over 12 år les minst ei avis på papir eller digitalt kvar dag. Etter mange år med nedadgåande opplag har avisene dei siste åra klart å snu nedgang til oppgang med å vera der lesarane er – digitalt. Også her i avisa har me stadig fått fleire digitale lesarar. På eitt år har det digitale opplaget vekse med over 700.
Sjølv om lokalavisene sin posisjon er sterk, merkar også me auka konkurransen, frå alt frå sosiale medium til strøymetenester, informasjonsmedarbeidarar andre aktørar som prøver å styre kva informasjon me som lokalavis skal kunne få og publisere. Då er det gledeleg at stadig fleire finn vegen til lokalavisa.
Me skal stadig bli betre, dekkje dei små hendingane og drive undersøkjande journalistikk. Takk for at du les oss.