Mystikk og magi med Aladdin

Aladdin og Jasmin: Hovudrollene blir spelt av Jacob Blix-Nilsen og Trisha M. B. Johansen.

Aladdin og Jasmin: Hovudrollene blir spelt av Jacob Blix-Nilsen og Trisha M. B. Johansen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det blir eit forrykande show når Valdres Barneteater set opp Aladdin på Kulturhuset på Fagernes i slutten av april.

DEL

Fagernes: Det er eit yrande liv på kulturhuset denne helga, når sola endeleg tek tak ute og smeltar snøen. Inne på den dunkle scena er nærare femti barn frå heile Valdres i full gang med øvingar fram mot storsatsinga Aladdin, som har premiere 27. april. Det er andre øvingshelg denne vinteren i tillegg til øvingar i kulturskulen kvar veke. Manus er stort og krevjande, songane går i skeive, fengande tonar, dansestega er mange og forventningane på topp.

Jubileum

Så har dei også noko å markere i år. Det som før heitte Fagernes barneteater, er tretti år i år. Ungar frå nesten heile Valdres deltek på oppsetjinga. For no er teateret også ein del av kulturskuletilbodet i Vestre Slidre, Øystre Slidre og Etnedal, i tillegg til Nord-Aurdal. Teaterinstruktør Anica Seljestad har vore i sjefsstolen sidan 2012. Ho er glad for den stadig veksande interessa kring barneteateret. Høge ambisjonar Seljestad er då heller ikkje ei som sparar på engasjementet sitt. Ho set høge krav til produksjonen, og meiner at ein må ta det teaterfaglege på alvor. Skodespelarar, scenografar, kostyme-syarar og andre i korpset, bruker mykje tid på å få til eit så profesjonelt teater som muleg. Dei siste åra har ho styrt barneteateret gjennom fleire store oppsetjingar, som Oliver Twist, Pippi og Annie.

Arabisk natt og pyroshow

Aladdin er eit eventyr frå Midtausten som mange har vorte kjent med frå Disney-teiknefilmen. Her møter vi fattigguten Aladdin som kjem over ånden i flaska og blir til ein prins for å vinne den vakre prinsesse Jasmin sitt hjarte. Vonde krefter lurer og historia tek oss med på eit flygande teppe inn i basarar, palass og ørkenar. Jakob Blix-Nilsen og Trisha M. B. Johansen har hovudrollene i stykket. Dei lovar ein fest av eit stykke, til og med pyroshow frå scena.

Artikkeltags