VANG: – Målet er alltid å kaste minst mogleg mat, men svinn er svært vanskeleg å unngå. Det kan gå varer for ti tusen i containeren i løpet av ei veke og det er heilt forferdeleg, fortel butikksjef ved Coop Prix Fjellvang, Anine Rauken Kattevold.

Matsvinn engasjerer både ho, kollegaene ved butikken og bransjen generelt om dagen. Difor har innførte dei denne veka eit heilt nytt konsept i kampen mot svinnet.

– Konseptet er veldig greitt. Vi sel posar med eit variert utval varer til ein verdi av 120–150 kroner for 39 rett før stengetid kvar kveld.

Fyrste dagen vart alle posane med varer selt, og interessa har halde seg oppe gjennom veka.

Enkelt opplegg

Betaling og bestilling skjer via eigen app, Too Good To Go, mens posen kan plukkast opp like før stengetid kvar kveld.

Ved starten er det fem posar kvar dag og fyrstemann til mølla som gjeld.

Varer av god kvalitet

Både brød, andre bakevarer, frukt, grønsaker, kjølevarer og tørrvarer kan vera av det du får i posen.

– Ein banan med den fyrste svarte prikken eller ein paprika med ein mjuk flekk er framleis bra varer. Det same gjeld daggammalt brød eller kjølevarer som nærmar seg utløpsdato, seier Kattevold.

Samstundes som dei innfører posesalet via app, set dei gang med detaljsporing av utløpsdato på alle matvarer.

– Vi er i gang med å digitalisere dette og målet er å liggje i framkant her og prise ned det som nærmar seg utløpsdato. Nokre gleppar kan det sjølvsagt bli, men i sum bør desse to grepa gjere ein forskjell for matsvinnet ved butikken.