Gå til sidens hovedinnhold

Telefon ute av drift i Vang og Vestre Slidre

Måndag må alternative telefonnummer nyttast for å koma i kontakt med både Vang og Vestre Slidre kommunar.

VANG/VESTRE SLIDRE: Vang kommune opplyser på heimesida si at sentralbordet til kommunen framleis er ute av drift.

– Skal du ha tak i nokon på kommunehuset, finn du mobilnummer til sakshandsamar på heimesida (direktelenke). For å nå Vangsheimen kan ein ringe 970 47 113, skriv kommunen.

Vang kommune opplyser at Telenor jobbar med saka, men det er uvisst kor lang tid det kan ta.

Også Vestre Slidre kommune opplyser om telefonproblem på heimesida si.

– Sentralbordet vårt er dessverre ute av drift. De kan kontakte oss på 94139676, skriv kommunen.

Kommentarer til denne saken