Gå til sidens hovedinnhold

Tenk litt på det!

Eg ser med uro på koss barneborna mine brukar timar kvar einaste dag på engelsk-språklege dataspel.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Sylfest Lomheim åtvara i 2001 om ein mogleg død for det norske språket alt i det neste hundreåret. I Klassekampen, der han har ei fast språkspalte, tek han opp att denne åtvaringa 4. august 2021. Han meiner at signala er blitt særs tydelege, og at norsk, liksom andre minoritetsspråk, er alvorleg truga, og at trugsmålet kjem frå verdsspråket engelsk som snik seg inn over alt. Og so kan ein i tillegg minne om at engelsk, liksom språk som fransk og spansk, blei verdsspråk ved imperialisme og kolonisering.

Lomheim nemner tre viktige grunnar til språkdød: Språket tapar prestisje, makta stør ikkje godt nok opp om språket vårt, og ungdomen misser interesse for det.

Lat oss sjå litt på det siste. Det er ikkje berre ungdomen som meir og meir vert fanga inn av engelsk. Det skjer med dei minste! Eg ser med uro på koss barneborna mine brukar timar kvar einaste dag på engelsk-språklege dataspel. Og dei blir utruleg gode i engelsk og eignar til seg eit stort ordforråd. Ein vert ikkje lite forundra, ja, beint fram imponert, når sjuåringen plaprar ivrig i veg på engelsk då det dukkar opp ein slektning frå USA som han kan tala engelsk med! Og dette skjer i ein heim der det jamt vert lese høgt for ungane på nynorsk og bokmål!

Born har ei eineståande evne til å ta til seg språk. Men då må vi også syte for at morsmålet vert medvete grunnfest som fyrstespråk heime og på skulen.

Det hastar med å sjå i auga at vi må finne ei vaksine mot den alt for tidlege ‘anglifiseringa’ av ungane våre. Det kan visst berre skje i vår kultur, som meir og meir er basert på internett, ved at det vert skapt attraktive dataspel på bokmål og nynorsk som kan ta opp kampen med den flaum av dataspel på engelsk som er i ferd med å erobre ungane våre; og det utan at vi er fullt merksame på det, eller klarar å forby det.

Her ligg det ei nasjonal oppgåve. Tenk litt på det!

Kommentarer til denne saken