Gå til sidens hovedinnhold

Tenk om trea kunne fortelje kva dei har opplevd!

Ole Mathismoen og Stig B. Hansen ga i 2019 ut denne fantastiske boka «Trettitre norske trær og hva de har vært vitne til». Her fortel dei om 33 av dei ti milliardane tre som bur i Noreg. Eg likte svært godt å få eit lite utval av norske tre presentert slik mellom to permar!

Bibliotekarens boktips

I boka kan du lese om det tjukkaste treet i landet, Brureeika i Hardanger; om dei eldgamle askene i Etne, som er ein del av vestlandet sine 500 regnskogar; om furustubben «Munken» som diktaren Rolf Jacobsen likte så godt; og, ja tretti andre tre og det dei har vore vitne til. Dei gamle trea blir sett inn i ein historisk kontekst, noko som gjer det lettare å fatte kor gamle dei faktisk kan vere. Til dømes stod Trysileineren allereie velvaksen då Olav den heilage fall på Stiklestad i 1030. Nyare tre er også med i boka: Tempeltreet i Slottsparken er ikkje meir ein drøye 100 år gamalt, og er Dronninga Sonja sitt favorittre. Du får kjennskap til korleis tre og skog er vert for lav og insekt, og noko av overtrua som har vore knytt til ulike treslag opp gjennom tidene.

Mathismoen har laga til ein fin balanse med segn, historie, kultur, biologi og meir til. Og Hansen sine stemningsfulle bilete står godt til teksten. Eg las heile boka frå perm til perm dagen etter at eg lånte ho på biblioteket. Det var mest som at eg fann skogens ro mellom permane. Men med så mange detaljar strekk ikkje lånetida til – eg måtte kjøpe mitt eige eksemplar. No les eg litt i ny og ne, eit avsnitt her og eit kapittel der, eller berre nyt dei flotte bileta. Og sidan det er 999 999 967 tre til i Noreg, kan eg kanskje håpe på ein oppfølgjar?

Kommentarer til denne saken