Tett mellom gjenstandane og historiene på låvemuseet i Øvre Dalen: Aud opnar dørene i dag

Av

Aud Kvale på garden Hermunstadhaugen held ope låvemuseet langs Kongevegen over Filefjell, i Øvre Dalen, denne sommaren.

DEL

VANG: – Utgangspunktet var ei samling over levde liv med hovudfokus på kvinnearbeid. Etter kvart som utstillinga tok form har det vorte langt meir enn det og det er eit stort spenn ulike gjenstandar frå dei siste 200 åra, fortel Kvale.

Fyrste sundag i månaden er utstillinga open. Elles opnar også Kvale museet på bestilling.

– Eg guidar gjerne, og legg det opp etter kva dei besøkande er mest interessert i.

Mange gjenstandar

Akkurat kor mange gjenstandar som har fått plass på dei 110 kvadratmeterane med museum er ikkje Kvale sikker på.

– Eg har vekse opp i ein familie der ingen har kasta noko som helst – det er dytta inn i stabbur og låvar rundt omkring. Til slutt fann eg ut at eit museum var ein god måte å få sett dette i system på.

Landbruksmaskiner, våpen frå krigen, emaljesmykker, glas, kobbar, vev, bøker, smykkar, foto. Lista er lang.

Det er organisert etter tema. Til dømes «draumen om Amerika» eller «kraftutbygging». Snart flytter også alle bunadane på garden inn her, fortel Kvale.

Vil kjøpe måleri av Slottet

Sjølv om samlinga stadig veks, har også Aud lært seg å seie nei.

– Eg lyt rett og slett seia nei til tider. Det vert for fullt her, og eg treng ikkje ha mykje av det same.

Det er vel og merkje eit objekt Kvale ynskjer seg til samlinga. Det er nemleg eit fotografi av måleriet «Kone ved rokken» måla av Eilif Pedersen i låvemuseet.

– Dette er måla i Hellestøga her på garden og det er oldemor mi som sit ved rokken. Rokken har vi ståande her og det hadde vore stas å ha originalmåleriet også. Det vart kjøpt av dronning Maud i 1923, så no har eg sendt ein e-post til Slottet for å sjå om det kan vera mogleg.

Artikkeltags