Thea Kristin har fagprøva i boks: – Gjev meg fleire moglegheiter på arbeidsmarknaden

FERDIGUTDANNA: Thea Kristin Havro Almenning tok fagprøva som barne- og ungdomsarbeidar i november og elskar å jobbe med ungar.

FERDIGUTDANNA: Thea Kristin Havro Almenning tok fagprøva som barne- og ungdomsarbeidar i november og elskar å jobbe med ungar. Foto:

Av

Thea Kristin Havro Almenning gjekk vegen via realkompetanse fram til fagprøva som barne- og ungdomsarbeidar denne hausten.

DEL

VANG: – Etter å ha teke Barne- og ungdomsarbeidarfag på vidaregåande vart det eit år på folkehøgskule og nokre år i byen der eg jobba mykje i barnehage. Så vart det plutseleg Vang att og då eg byrja å jobbe i Høre barnehage nemnte nokon at eg kunne nytte åra i barnehage som realkompetanse og melde meg til fagprøva, fortel Thea.

Som sagt så gjort, og etter ein lengre muntleg eksamen hjå vaksenopplæringa i haust vart dato for fagprøva sett i november.

– Eg trakk kroppen som tema og snikra saman eit uteopplegg til ein gjeng på i Fredheim barnehage med aktivitetsløype, skattejakt, nokre postar og ein sunn bonus til ungane på slutten.

Det enda med blide ungar og ei «meget godt bestått» fagprøve.

– Fagprøva gjev meg fleire moglegheiter på arbeidsmarknaden samstundes som det gjev sjølvtillit å fullføre noko ein har byrja på som eg tek med meg vidare.

Ingen dag er lik

Akkurat no driv Thea og kjærasten Christoffer Bøe med heftig renovering og påbygging på eit hus på Bøflaten. Christoffer jobbar hjå Elektrisk Installasjon AS mens Thea sikter seg inn på barnehagejobb i Vang.

– Mange kan seie at ingen dag er lik på arbeid, men i barnehagen er det verkeleg på den måten. Eg elskar å jobbe i barnehage og med barn og håpar å jobbe i anten Høre eller Fredheim barnehage både i vinter og vidare framover.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken