Tilbring sumaren i Norge tek av på Facebook: – Eg håpar at dette slår til også i Valdres, seier turistvert Tor Erik Grønolen

Facebook-gruppa «Tilbring sommeren i Norge» med tilleggskommentaren; «I år oppfordres du til å være turist i eget land», har teke av. På nokre få dagar har gruppa fått 50.000 medlemmar og turistvert Tor Erik Grønolen ved Grønolen Fjellgard har trua.