Tilbyr aktivitetar for barn i tre veker: Opnar fritidsklubb i Vang i sommar

TILBOD I SOMMAR: Vang frivilligsentral   opnar sommarfritidsklubb i tre veker frå skuleslutt.

TILBOD I SOMMAR: Vang frivilligsentral opnar sommarfritidsklubb i tre veker frå skuleslutt. Foto:

Kvar vekedag i veke 26, 27 og 28, dei tre vekene etter skuleslutt, held Vang frivilligsentral open sommarfritidsklubb.

DEL

VANG: – Klubben byr på leik og moro både inne og ute – og dei ulike vekene vil ha ulike tema, fortel leiar i Frivilligsentralen, Marte Tangen, til avisa i ei pressemelding.

Oppmøte blir ved Vang folkebibliotek, og klubbleiar i år er Marit Rønneberg Hagerup.

Klubben er for alle født i 2012 eller tidlegare.

Krev påmelding

– På grunn av smittevern må vi i år ha påmelding for alle deltakarane, seier Tangen, og legg til at ein kan melde seg på ein eller fleire veker.

– Det er plass til 12 deltakarar pr. veke. Ein vil få svar på om ein har fått plass eller ikkje, seier ho, og oppmodar til å melde seg på innan 15. juni. Den kan ein gjere på vang.frivilligsentral.no.

Artikkeltags