Sjåføren stakk etter påkøyrsel

Sjåføren stakk av: Måndag midt på dagen vart det oppdaga enda ein påkøyrt sau på fylkesvegen gjennom Tisleidalen, 400 meter heimanfor kapellet. Sjåføren hadde stukke av utan å melde ifrå. 	Foto: Privat

Sjåføren stakk av: Måndag midt på dagen vart det oppdaga enda ein påkøyrt sau på fylkesvegen gjennom Tisleidalen, 400 meter heimanfor kapellet. Sjåføren hadde stukke av utan å melde ifrå. Foto: Privat

Artikkelen er over 2 år gammel

Nok ein vaksen sau måtte avlivast etter påkøyrsel i Tisleidalen.

DEL

Tisleidalen: Måndag midt på dagen skjedde det ein ny sauepåkøyrsel på fylkesveg 51 i Tisleidalen, omkring 400 meter heimanfor kapellet. Ei vaksen søye med to lam vart funnen hardt skadd av forbipasserande. Ingen har meldt seg etter påkøyrselen. Etter det vi kjenner til er dette tredje påkøyrselen i seinare tid der sjåføren ikkje har meldt seg.

Det er Andor Loberg som eig den omkomne sauen, han har tidlegare i år overteke gard og besetning frå Leif Åbjørsbråten. Åbjørsbråten var tilfeldigvis forbi staden då han såg ein person stå attmed ein sau som låg i vegkanten.

– Ja, då forstod eg fort kva som hadde skjedd att, seier han. Åbjørsbråten er rysta over haldninga til bilførarane som ikkje melder ifrå. Det er før dette køyrt på to sauer her den siste tida og sams har vore at bilførarane har stukke utan å melde ifrå, seier han.

– Det syns eg er dårleg oppførsel, heldigvis vart påkøyrselen fort oppdaga og eg fekk søya avliva. Ho hadde store skader, fortel Åbjørsbråten. Det var ein hytteeigar i området som kom over sauen som låg hardt skadd i vegkanten. Ho oppfordrar folket som køyrer i området til å setja ned farten.

– Det blir køyrt altfor fort her, situasjonen med beitesau krev at folk brukar hovudet, seier ho.


Artikkeltags