Gå til sidens hovedinnhold

To nye smittetilfelle i Vang: – Har ingen nærkontaktar utanom eigen husstand

Torsdag er det påvist to nye smittetilfelle i Vang. Det stadfestar kommuneoverlegen.

VANG: Kommuneoverlegen i Vang, Marit Tuv, skriv følgjande om situasjonen på kommuneoverlegen si facebookside:

– Attende på oransje, men til alt hell er smittevegen kjent og situasjonen roleg.

Smitta i påska

Dei to som no er smitta med koronaviruset vart smitta i påska, seier kommuneoverlege Tuv til avisa.

Ho opplyser at smittesporing er gjennomført og at smittevegen er kjent.

Ingen nærkontaktar

Kommuneoverlegen kan vidare opplyse at dei smitta ikkje har vore i kontakt med andre i kommunen.

– Dei har ingen nærkontaktar utanom eigen husstand, seier Marit Tuv.

Risikoen for smittespreiing vert vurdert som lav, held ho fram.

Kjem med oppmoding

På facebooksida si kjem kommuneoverlegen med følgjande oppmoding:

– Det viktige no er det same som før: Hald avstand – helst to meter! Om det er mykje folk og trongt om plassen – bruk munnbind.

Kommentarer til denne saken