Gå til sidens hovedinnhold

To nye smittetilfelle i Vestre Slidre – kjend smitteveg og har allereie sete i karantene

Kommuneoverlege i Vestre Slidre, Siw Odden Fosheim, stadfestar tysdag ettermiddag overfor avisa Valdres at det er konstatert to nye covid-19-smitta i Vestre Slidre.

Vestre Slidre: –Det er tysdag påvist to nye smittetilfelle i Vestre Slidre. Smittevegen er kjend, og personane sat allereie i karantene. Dei er no sett i isolasjon. Dei var kjende nærkontaktar til tidlegare smitta, opplyser kommuneoverlegen.

Det vil koma meir informasjon om vidare stenging eller ikkje av både skule og kulturhus i Slidre onsdag. Krisestaben skal ha møte og drøfte situasjonen.

Talet på smitta i Vestre Slidre sidan utbrotet vart registrert for snart to veker sidan er no 14. Totalt talet på smitta I Valdres gjennom heile pandemien har no kome opp i 116 tilfelle.

Kommentarer til denne saken