Gå til sidens hovedinnhold

To skuleelevar smitta – kommunen held koronatelefonen open og minner om smittevernråd

Ytterlegare to personar har testa positivt for covid-19 i Vestre Slidre.

VESTRE SLIDRE: Dei to smitta er elevar på ungdomssteget ved Vestre Slidre skule.

Smittevegen for den fyrste eleven som vart meldt smitta vart då teikna som «foreløpig usikker», ifylgje kommunen då dei fyrst melde om tilfellet tysdag. Eleven vart då sett i isolasjon og sporing av nærkontaktar vart igangsett. Heile klassa fekk tilbod om heimetester.

Onsdag formiddag skriv kommunen at koronatelefonen, som har nummer 941 39 676, vil vere open mellom klukka 15.00 og 21.00 onsdag den 10. november.

Les også

Disse tiltakene gjelder i Valdres-kommunene nå

«Pandemien er ikkje over riktig enno»

Då det vart meldt om dei nye smittetilfella på heimesida til kommunen, nytta Vestre Slidre kommune høvet til å understreke at «pandemien er ikkje over riktig enno».

Kommunen minner om grunnleggjande smittevernreglar med fylgjande hugseliste:

  • hald deg heime om du er sjuk
  • vask hender ofte eller bruk handsprit
  • ikkje hoste eller nyse på andre – bruk papir eller albuekroken
  • test deg om du får symptom – også om du er vaksinert

Instruksjon i hurtigtest

Om folk kjenner seg sjuke, vert dei bedne om å take kontakt med Slidre legesenter eller nytte ein hurtigtest heime.

Ein eventuell positiv hurtigtest må fylgjast opp med ein PCR-test ved teststasjonen i kommunen etter avtale, minner kommunen om, som også lenkjar til ein video der ein kan sjå korleis ein sjølv gjennomfører ein hurtigtest heime.

Kommentarer til denne saken