I den trivelege restauranten og utestaden Tasty House på Fagernes vert dei tilsette trakassert på jobb i helgene, dei må tole slengkommentarar og nedlatande åtferd frå enkelte gjester – fordi dei ikkje er norske. Og fordi enkelte valdrisar likar å «tøffe seg» på dette viset. Kvifor lar vi andre dette skje?

Sjølvmordsstatistikken for Valdres er dyster lesing. Kva kan grunnen vera til at så mange gutar og menn vel å ta sitt eige liv her i Valdres? Har du tenkt over det?

Eit ektepar på Leira mottek krenkande og hatefulle brev i postkassa si fordi dei er av same kjønn. Saka går Norge rundt i media. Folk flest reagerer med vantru. Fleire andre i Valdres melder om å ha vore utsett for hatbrev, men våger ikkje å stå fram. Saka er no henlagt av Politiet. Ein må gå ut frå at «nokon» veit noko om dette – men dei står ikkje fram. Kvifor ikkje det?

Ungdom «som ikkje passar inn» flytter frå Valdres og kjem aldri att. Kunne eit meir tolerant og inkluderande samfunn fått dei til å bli?

Innvandrarar i Valdres blir sett ned på fordi dei «ikkje er som oss». Kvifor tek vi ikkje imot nye innbyggarar i Valdres med opne armar og iver etter å gi dei ein plass i samfunnet?

Faktum er at det samla folketalet i Valdres går ned for kvart einaste år. Det er stor mangel på arbeidskraft, spesielt i reiselivsnæringa, men og i andre servicenæringar. Dermed treng vi å tilsette folk utanfrå, i mange høve frå andre land. Globaliseringa er komen til Valdres også.

Vi har alle saman eit ansvar for å stå opp mot dyrking av fordomar, til å avvise generaliseringar og til å seie ifrå til dei som er ufine, om det er i lukka private rom eller i det offentlege rom.

Skal Valdres vera ein attraktiv stad å bu i framtida må vi endre inngrodde haldningar. Vi må vise toleranse og vi må gi folk rom til å vera seg sjølv. Og fyrst og fremst må vi vise vanleg folkeskikk – til alle.

Blir du med på det? Er du tøff nok?