ØYSTRE SLIDRE: Baldersheim flytta til Øystre Slidre frå Fusa på slutten av 80-talet, den gong nytilsett som kultursjef i kommunen. Han har sidan vore ein stor og synleg del av det lokale kulturlivet, både som formidlar, tilretteleggjar og som frivillig ved mange kulturarrangement.

– Toralf er ein kultur- og samfunnsengasjert mann, med interesser, kunnskap og engasjement som har kome- og som framleis kjem Øystre Slidre til gode i stort monn, skriv ungdomskonsulent Øystein Skattebu i ei pressemelding.

Frå musikk til friluftsliv

Musikkmannen Toralf er gitarist, og spelar mellom anna i gruppene Hundadn og Septimlaget. Han har tidlegare arrangert lyttekveldane Lirekassen på Frivilligsentralen, der han ivrig spelte- og kåserte om låtar og artistar på gamle 78- plater. Han har og utmerka seg som foredragshaldar, mellom anna med dei populære førestillingane om Jacob Sande. Som kultursjef var han mellom anna med på å utvikle Furustrand som friluftsområde, og han er omtala som ein pioner for utviklinga av skiløyper i kommunen.

Jazz og dass

I 2003 starta han Fjelljazz på Beitostølen, med mål om å skape ei årleg jazzhelg i Valdres med trad- og swingjazz som hovudelement. Festivalen skulle gje fastbuande, hyttefolk og tilreisande ein felles møteplass for glede og gode opplevingar. Deler av festivalen er no overført til Ostefestivalen, der Toralf er styremedlem og ansvarleg for musikken. Han er frivillig ved andre festivalar også, og har mellom anna figurert som «dass-sjef» på Trollrock, med hovudansvar for toaletta – ein jobb han har utført med like stor iver og flid som ved alle andre oppdrag.

Toralf var lenge ein pådrivar for å byggje opp og drifte Herangtunet, der han har lagt ned mykje tid på dugnad, vedlikehald og utleige. Sjølv bur han i huset på Framnes ved Heggenes – eit historisk bygg og eit landemerke i bygda han legg mykje arbeid i å halde ved like.

– Øystre Slidre kommune set stor pris på Toralf sine evner og engasjement, som kulturberar og innbyggjar, og ser fram til å kunne dele ut kulturprisen til han i samband med eit kulturarrangement i Øystre Slidre i løpet av 2020.