Torsdag opnar den nye fjellkaféen Flye 1389

Torsdag 2. juli opnar Statens vegvesen den nye fjellkaféen langs Nasjonal turistveg Valdresflye. Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland står for den offisielle opninga. Markeringa blir holdt utendørs, med kulturelle innslag og servering av smakfulle bitar frå Valdres og Gudbrandsdalen.