Dei muterte virusvariantane breier om seg. Det synte seg at også smittetilfella på Fondsbu førre veke var den britiske, muterte utgåva av koronaviruset. I Oslo er ein stor del av smitten no mutert virus.

Det tyder at ei tredje smittebylgje kan vera på veg. No strammar Oslo og kommunane rundt på nytt inn. Dei strenge tiltaka skal i fyrste omgang vare fram til 17. mars, og fleire byar med auka smittetrend har fylgd på. Korleis kommunane som no opplever smitteauke klarar å slå ned smitta, blir avgjerande for korleis smitta spreier seg i resten av landet.

I Helsedirektoratet er direktør Bjørn Guldvog uroa. Ikkje minst fordi det er ukjend smitteveg for fleire tilfelle, og fordi det ser ut til at den britiske virusvarianten spreier seg utan at folk er klare over at dei er smitta. Denne uvissa gjer at det, ifylgje Guldvog, nok ein gong kan vera aktuelt med felles, nasjonale tiltak.

Etnedal er dobbel taper i vaksine-utdelingen: Kommuneoverlegen er verken frustrert eller bekymret

Samstundes må styresmaktene vakte seg for å ikkje kommunisere tydeleg nok. Når ein på den eine sida er ura for ei tredje smittebylgje, på den andre sida melder om forseinkingar i vaksineleveransane og på den tredje sida melder at det kan vera greitt å reise på utanlandsferie alt før sumaren, er det ikkje lett å henge like godt med i svingane.

Direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet seier til NRK at ho har tru på at det kjem store vaksineleveransar i mai og juni. På same tid vurderer FHI no å forlenge tidsrommet mellom fyrste og andre vaksine, for at fleire skal få litt beskyttelse gjennom den fyrste vaksinen. Det vil også bidra til at fullvaksineringa tek lenger tid. Difor er det per no vanskeleg å sjå korleis vi skal kunne leva og feriere som normalt sumaren 2021.

Alt er avhengig av kor raskt vi får tilgang til fleire vaksinar. Vaksinemangelen er prekær på verdsbasis. Per no har Noreg berre vaksinert tre prosent av befolkninga. Likevel har vi kome langt betre frå pandemien enn vårt naboland Sverige. Medan det førebels har vore 623 koronarelaterte dødsfall i Noreg, er det i Sverige 12 882 dødsfall knytt til koronaviruset.

Det syner at mykje har vorte gjort rett i Noreg sidan mars i fjor. Difor er det uhorveleg viktig at vi no står løpet ut, at vi ikkje gjev oss på oppløpssida. Kostnaden har vore for stor for samfunnet som heilheit til at vi kan sleppe frå oss det vi har no.